Forfatter: Rune Belsvik

Sjanger: Barnebok

Forlag: Cappelen Damm

«Verdas mest forelska par» (2001), Esmiluni og Bidger som bur i den vesle kommunen Bløygen, har vore forelska så lenge at dei ønskjer å bli mor og far. Då må dei få eit barn, men dei veit ikkje korleis det går føre seg. Bidger får råd av Bøttefanten på Trøbbelkiosken blar heilt til endes i rådgjevingsboka si og finn eit kapittel som heiter «Om å bli mor og far». Bidger kjem heim til Esmiluni, fortel kva han har lært hos Bøttefanten, og så er dei i gang. Ordførar Rosina Myrl får høyre om kva som skal skje, og skjøner ikkje heilt kva ein unge er. «Ein som aldri har vore i Bløygen før?» spør ho, og får eit ja. «Det er jo ein turist» bryt ho ut, og så vil ho også lage barn, eller turist, for å få fleire folk i kommunen. Difor blir ungen til Bidger og Esmiluni «Verdas søtaste turist» når ho kjem ut.

Boka gjev den søtaste seksualopplæringa som tenkjast kan. Ein vaksen lesar vil more seg kongeleg, eit barn vil få greie på ting som kan vere godt å vete, og ein ungdom vil kanskje verte litt brydd, men óg vere med på moroa. Dette er Belsvik på sitt beste, kreativt tøys med djupt alvor, stor varme og herleg underhaldning. Boka er vakkert illustrert av Inger Lise Belsvik. Bli med til Bløygen: Les, le og lær.

9788202450526.jpg