BYKLE: Sidan 1976 har garden der Olav Holen voks opp ligge neddemd i Agder Energis kraftmagasin Bossvatn i Bykle. Det same har dei 16 andre gardane som i hundrevis av år var den livskraftige Nordbygdi med busetting sidan steinaldaren.

– Eg har i lang tid hatt eit sterkt ynskje om å skrive om Nordbygdi og forfedrane mine. Ikkje bare for mi eiga skuld, men fyrst og fremst med tanke på etterslekti, seier den pensjonerte lækjaren Olav M. Holen til Fædrelandsvennen.

Frå steinaldar til kraftutbygging

I boka «Nordbygdi som ho var» har Holen samla mykje av det som før har vore skrive om dette området mellom sine to tjukke permar. Men her er og mykje nytt som Holen sjølv har samla inn.

I boka kan vi mellom anna lese dyresoger, ein kan lese om farande folk, støylsliv, om kor hardt det var å bu avsides på heigardane når sjukdomen ramma, om det religiøse livet, utvandringa til Amerika – og ikkje minst har Olav M. Holen vore i Bykle kommune sitt arkiv og leita fram nytt og ukjent stoff om kraftutbygginga som sette Nordbygdi under vatn i 1976. ## Dyssa ned

Holen seier han ikkje har funne ei einaste line i Bykle kultursoge om det som skjedde i kulissane då Nordbygdi vart neddemd. Både den politiske leiinga i Bykle kommune og kraftutbyggarane har heilt fram til i dag ynskt å dysse spelet om Nordbygdi ned, meiner Holen.

– Då bygdi vart neddemd i 1976 hadde folk gjeve upp. Kraftutbyggarane hadde halde på i årevis. I 1965 gjekk ein representant frå dei rundt på gardane og lova gull og grøne skogar om folk høyrde på han. Bare gjennom han ville dei få den rette prisen for gardane sine, hevda han.

Ikkje bitter

– Korleis er det for deg i dag å sjå staden der garden du livde på, «Holen der uppe», nede i kraftmagasinet?

– Alt står under vatn. Når Bossvatn er tappa ned kan ein sjå tuftene. Det er ikkje triveleg å sjå. Nordbygdi var eit veldigt levande, sterkt samfunn med ressurssterke folk. Men folk flutte når dei såg kor usikre tidene var. 17 gardar vart neddemde. I 1948 budde der 113 menneske i Nordbygdi, seier Olav M. Holen.