Her er ei enkel gåte: Kva fær du når seks framståande solospelemenn set seg saman, øver og har det moro i lag i Knut Heddi-stova i Setesdal kvar onsdags kveld i fire år? Svar: cd-en Lea deg! med spelemannslaget Knut Heddis Minne.Det krevst både mot og tolmod å gje seg i kast med slåttar som Skorsvikjen, Faremoen og Gangar etter Tarkjell Aslakson. Slåttane vert spelte med full fres, og er drilla inn frå bogestrok ned til minste prilleslag. Framføringane er rytmisk drivande, samspelet finstemt, og klangbiletet er fulltonande vakkert. Så gullende og gripande rein kan akustisk musikk — uansett sjanger - vera.Dei seks i laget er: Monika Antun, Osterøy; Harald B. Knutsen og Herbjørn Liahagen, Hallingdal; Marton Laksesvela, Bjerkreim/Rysstad; Knut Breievegen, Bykle og Daniel Sanden-Warg, Karlstad/Rysstad. Dei seks har og kvart sitt sterke solonummer på plata.Det er den store hugen til felespelet som driv gruppa fram. Tradisjonen i Setesdal og arbeidet kring musikklina på Valle vidaregåande skule utgjer grobotn og miljø for å få fram eit slikt musikalsk eventyrleg produkt som dette. Knut J. Heddi (1857-1938) er førebiletet og inspirasjonskjelde for laget. På omslaget har gamle Knut stigi opp att frå dei døde og smeltar saman med dei dedikerte ungdomane, som har dressa seg attende til 1930-åra. Morosamt!Mindre morosamt er det at denne cd-en ikkje har noko produksjons- eller selskapsnummer (eiga utgjeving), og heller ingen post- eller e-postadresse, telefonnummer eller nokon referanse som gjer at platehandlarar og publikum kan få tak i plata! Dersom du er så heldig å koma på ein kappleik eller ein festival der ho vert å få tak i, bør du kjøpe fem eller ti i slengen, for opplaget er lite, og klassikarar vert snart samleobjekt!Hallgrim BergCDLea deg!Spelemannslaget Knut Heddis Minne4692 Rysstad