Moseid Foto: Kjartan Bjelland

Eg synst det bildet Lystrup teiknar av dyreparkens «grand old man» er fint og fasettert, men kanskje litt «snilt».

Moseidbilde.jpg

Undertittelen til boka «Dyrehviskeren» er «Edvard Moseid og Dyreparken». Dyreparken austanom Kristiansand er i dag ein av Noregs mest besøkte turistattraksjonar.Mange norske kvinner, menn og barn, har eit nært forhold til Dyreparken. Det er forresten også mange utanfor Noreg som har det, og det bildet Marianne Lystrup teiknar av han som skapte parken, er fascinerande. I forordet konstaterer Lystrup at det har vore vanskelege konfliktar «…i den eventyrlige parken».Så legg ho til: «Men den som søker etter spavending av gammelt agg og skitt, ( ) vil bli skuffet. Jeg underslår ikke at konfliktene har funnet sted, men i sentrum for oppmerksomheten her er Edvard Moseid og det utrolige, dramatiske, morsomme og spinnville han har opplevd som Dyreparkens direktør.»Ho held det ho lovar, gjennom heile boka.

Moseid Foto: Kjartan Bjelland

Vi får nokre glimt frå oppveksten hans i Vennesla, på ein av dei tre Moseid-gardane, etter alt å døme ein lykkeleg oppvekst som minstemann i ein trygg familie. Alt som barn var han oppteken av allslags dyr — inkludert til dømes slangar og husdyr - og greidde å kome innpå dei på ein måte som vekte oppsikt. Etter kvart får vi også møte ektemannen og familiefaren (skilsmissa var ei vond oppleving).Men det er skaparen av Dyreparken det handlar om først og fremst, den visjonære gründeren som kom opp med dei framtidsretta ideane, men der det samstundes var eit absolutt krav at velferda til dyra i parken måtte stå i sentrum.

Det er umuleg å nemne alle dyra han etter kvart skaffa parken.Samarbeidet med Torbjørn Egner, blant anna om «Kardemomme by», skaffa parken endå fleire besøkande.Det same gjorde det til tider problemfylte samarbeidet med Terje Formoe om Kaptein Sabeltann og Kjuttavika.

Økonomi var aldri Moseids sterkaste side, men han stod på, døgnet rundt når det trongst for dyra og Dyreparken.

Som storrøykar heilt frå unge år, var det kanskje ikkje så rart at den ekstremt hardtarbeidande direktøren fekk fleire hjarteinfarkt og hjerneslag, slik at han no treng ein handikapdoning for å ta seg rundt på den gamle arbeidsplassen sin.