Sjanger: Lokalhistorie

Forlag: Eige forlag

I 2013 omtala eg boka «Nordbygdi — slik ho var» av Olav M. Holen, der han tok eit krast oppgjer med det som skjedde då Bykildammen blei stoppa av Bortenregjeringa i 1969, medan Nordbygda, heimegrenda hans, blei ofra. I «Gard og ætt», med undertittelen «Om Torleiv Hallvardsson Holen (1753-1825) og hans samtid», er tipp-tipp-tippoldefaren hans, Torleiv Hallvardsson Holen, hovudpersonen.

Forfattaren fortel sjølv at han har hermt etter korleis Karsten Alnæs har skrive Noregs- og vershistorie. Han tar utgangspunkt i nokre historiske personar og fortel, skjønnlitterært, deira historie, bygt på historiske fakta. Det meste av boka er ein gjennomgang av slektene på gardane Holen og Tveiten, og ei rekke andre gardar i Bykle.

Forfattaren har lagt vekt på å fortelje om særmerkte personar, og har fått med mange glade og triste historier. Det som imponerer mest er det enorme researcharbeidet som ligg bak denne boka på ca. 450 sider. Innvendinga er at eg, personleg, synst at han femner for vidt, tar med for mange slekter. Hovudpersonen, Torleiv Holen, og kona Ingebjørg, fekk 16 barn. Av dei levde berre seks opp og blei vaksne. For ein notidslesar høyrest dette utruleg ut, men boka til Holen viser at det var ganske vanleg for 200 år sidan.

Boka er illustrert av Olav Bjørgum.

Gard og ætt bilde.jpg