Alle setningane i "Indre anliggender" startar med "Jeg". Boka har ingen avsnitt eller kapittel. "Reykjavik / Oslo, april – september 2011", står det på siste side. Vi får enkelte korte glimt frå denne perioden, men romanen er først og fremst eit djupdykk i Stig Aasviks liv frå 1970 til 2011. Han er språkkonsulent på Stortinget, men det er ikkje spesielt sentralt. Vi blir kjende med vener av begge kjønn, foreldre, kjærast, og helsar så vidt på enkelte politikarar og kjendisar. Minne om sigrar og tap, om glede, raseri, refleksjon. Stig Aasvik stiller strenge krav til seg sjølv, kler brutalt av seg – men er ikkje så nådelaus med menneska rundt seg som Knausgård. Forfattaren gjer sjølv merksam på at han har hatt god nytte av den franske målaren og forfattaren Edouard Levé, spesielt "Selvportrett". Kvar setning i "Indre anliggender" fortel eit faktum eller fremjar ein påstand. Bråe kast er det mange av: "Jeg har lent meg mot kvinner. Jeg kan når som helst reise meg opp, forlate kontoret, og aldri komme tilbake". Å finne noko logisk mønster greier ikkje eg. Romanen er akkurat så samansett og ulogisk som eit menneskeliv er.

Om debutboka til Aasvik "Den elektriske elefanten" (2004) skreiv eg at han var eit stort litterært talent. "Indre anliggender" viser at eg hadde rett. Glitrande, eksperimentell skrivekunst.