Ingibjørg er den fjerde romanen i serien «Tusen vårar». Denne gongen er handlinga lagt til midten av 1600-talet, i Sunnhordland. Gaute Dagsson på Håbakka kjem heim etter krigsinnsats mot svenskane, og får vite at Ingibjørg, som han elskar over alle grenser, har døydd. Det er etter at ein prest har valdteke henne — i kyrkja - at ho berre visnar bort. Tida er vanskeleg, dei fattige blir heilt utarma, lågadelen og storbøndene blir gjeldstyngde leiglendingar. Berre den ovrike godseigaren Axel Mouatt blir rikare og mektigare, og legg det økonomiske grunnlaget for baroniet i Rosendal. Rått og klårt skildrar Heggland dei groteske klasseskilnadene.

Den opprørske Gaute får etter kvart greie på at faren han vaks opp med ikkje er den biologiske far hans. Dermed er han heller ikkje arving til Håbakka. Leitinga etter dei biologiske røtene fører mot Holland. Det er noko typisk i at det i ein roman av Heggland, der den sentrale kvinna alt er død før rammeforteljinga tek til, sjølv i ein slik roman vert ho - Ingibjørg - på sett og vis hovudpersonen.

Stort meir skal eg ikkje seie om innhaldet, men som vanleg målar Johannes Heggland med brei pensel. Det er driv i handlinga, vi kjem under huda på personane. Det historiske bakteppet er sikkert teikna: Ufred, naud, overtru, alkoholmisbruk, vald - osv.

Språket til 85-åringen Heggland er framleis eineståande rikt og levande.

Bjarne Tveiten

BOK

Tusen vårar - Ingibjørg

Forfattar: Johannes

Heggland:

Roman

Forlag: Gyldendal