roman

Forfatter: Ann Syréhn Tomaševiæ

Forlag: Gyldendal

Alderen og den livserfaringa forfattaren sit inne med pregar romanen.

Hovudpersonen Lili Winkelmann blir fødd på 1880-talet i Alsace (tysk Elsass), mens området er erobra av Tyskland. Vi følgjer oppveksten hennar i provinsbyen Mulhouse. I 20-årsalderen gifter ho seg med ein statstenestemann og slår seg ned i Wien. Då dottera døyr alt som toåring, går foreldra frå kvarandre. Under første verdskrigen vender ho tilbake til heimstaden og arbeider som sjukepleiar. I Wien, som ho på ny flytter til, møter ho Adam, som ho elskar, og gifter seg igjen. Adam er velståande og smart – han kjøper eit hotell i New York, og dei flytter til USA. Der ho får ein som – rundt 40 år gamal. Mot slutten av 1920-talet vert Adam biten av aksjekjøpsvanvitet – og taper i praksis alt. Etter at han druknar – korleis er uvisst – gifter Lili seg for tredje gong, med ein alkoholisert kar frå Midtvesten. Også det ekteskapet endar med brot, og Lili vender tilbake til Wien.

Romanen fyller vel 530 sider, og har ei historie til å fortelje, om den svenske journalisten Amanda. På 1980-talet blir ho eigar av ein kostbar ring Lili i si tid gjekk med. Korleis skal eg ikkje røpe, berre nemne at ei av Lilis jødiske veninner – og nazifiseringa av Tyskland – står sentralt. Amanda vil gå djupare inn i soga til Lili, og fortel laust og fast om korleis ho arbeider og kva ho finn i ei rekke kapittel med tittelen «Notater».

Lilis liv og lagnad er berebjelken gjennom romanen, men forfattaren brukar mellom anna «La belle epoque», to verdskrigar, hyperinflasjon i Tyskland og børskrakket i 1929 som bakteppe. Til det treng ho mange bipersonar, som for det meste berre blir namn for oss. Men Lili kjem vi nær innpå. Sjølv om ho gifter seg tre gonger er ho langt unna ei dame som «treng» ein mann ved sida av seg for å greie seg. Lili er sjølvstendig, uredd, kjenslevar – ei kvinne som i høg grad står fram som sjølvstendig og sterk. Adam – namnet er knapt tilfeldig – har ikkje like mange fasettar; han er mann, rett og slett, på godt og vondt.

Den svenske forfattaren, Ann Syréhn Tomaševiæ, debuterte med denne romanen i fjor – 65 år gamal. Ein mogen debutant må det vere lov å seie. Alderen og den livserfaringa ho sit inne med – i tillegg til profesjonell forfattarskule – pregar romanen. «Glass og aske» er ein god roman, som eg spår vil få mange lesarar også i Noreg. Men lytelaus er han ikkje. Kapitla «Notater» er eigentleg unødvendige – i alle fall burde dei, etter mi meining, ha blitt kutta kraftig ned, sjølv om dei – samanlikna med hovudforteljinga – ikkje er så omfattande. Ja, heile romanen hadde hatt godt av ei innstramming.

Språket flyt lett i den norske omsettinga av Inge Ulrik Gundersen. Iblant glimtar forfattaren til med formuleringar som glitrar. Som denne, etter at Lili hadde opplevd farens død: «Lili ville alltid huske sin fars død som noe uvirkelig, et skuespill framført bak røyktepper».