Forlag: Tiden

Det er tidleg, solfylt maimorgon i Drammen. Tussi, den forteljande eg-personen, står utanfor Natthjemmet der han som vanleg har sove, bakfull og utan sko. Han manglar elles det meste: familie, bustad, verkelege vener – og edrue dagar. Han har – ifølgje seg sjølv – teke steget forbi alkoholikar, og er fyllik. Han har vore innlagt mange gonger, gått i terapi – utan at det har hjelpt. No har han einslags ide til ein plan for korleis han kan bli kvitt den brennande tørsten etter alkohol når han er vaken. Han, som dei andre fyllikane: Musvåken, Sementen, Økse-Bjørn, Snømus og så vidare. Eit møte med Greven, som berre er alkoholikar – og dessutan velståande – blir på fleire måtar sentralt, men korleis, skal eg teie om.

Gjennom dei ca 240 sidene handlar det om å skaffe ølrør, vodkarør, vinrør – alle slag rør med alkohol. Det slo meg som ironisk at alt skjer i ein by med namnet Drammen… Vi les om blackoutar, om morgonar med skjelving og oppkast – det er ein sterkt prega Tussi vi møter etter 30 års alkoholmisbruk.

Forfattaren har spesialistutdanning innan behandling av rusproblem og det pregar denne romanen sterkt. Svein Roger Nilsen er fagmenneske – og brukar det han kan. Resultatet er ein roman det luktar svidd av – og som sosialminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen bør lese grundig. Det gjeld forresten sosialetatstilsette over heile landet – Tussi har ein god del å lære bort til mange. Ei viss innstramming hadde gjort boka endå betre.