BOK

Doppler

Forfattar: Erlend Loe

Roman

Forlag: Cappelen

«Min far er død. I går tok jeg en elg av dage. Hva kan jeg si?»

Dette er dei tre første setningane i Doppler, den nye ca. 150 sider lange romanen til Erlend Loe. Det er ein roman med mange fasettar. Hovudpersonen Doppler er ein tilsynelatande, velfungerande mann med kone og barn. Så skjer to ting, han misser faren, og dett av sykkelen og slår seg kraftig. Medan han ligg og glor mot himmelen, bestemmer han seg for at han har fått nok av A4-livet. Han melder seg ut.

Den velorienterte økonomen flytter inn i skogen ikkje langt frå Oslo. Der slår han seg ned i telt, lever nesten på indianarvis og oppfører seg asosialt. Når bærsesongen er over, hoppar han bokstavleg tala på ei elgku og drep ho med kniv! Med nokre kilo kjøt oppsøker han ICA og greier etter litt diskusjon å overtale den lokale sjefen til å levere han skummamjølk! Frå marknadsøkonomi til bytteøkonomi altså. Kalven til elgkua, som får namnet Bongo, blir fast inventar i teltet vinteren over. Kona besøker han eit par gonger «{hellip}for å få sex{hellip}», som det heiter. Ho blir, mirakuløst, gravid. Doppler kjem også i kontakt med andre menn, med kvar sine krisesymptom: modellbyggjaren Düsseldorf, kjekkasen og høgremannen Bosse, og innbrotstjuven Jernroger. Ei broket samling menn! Son til Doppler, 4-åringen Gregus, viser også tendensar i retning av å ta etter faren sin.

Så langt om den konkrete handlinga, som balanserer mellom det verkelege og det uverkelege. Det absurde er i høg grad til stades, slik det ofte er i bøkene til Loe. Dei tragikomiske innslaga manglar ikkje, og rett som det er, kan det vere vanskeleg å vite om ein skal le eller gråte.

Doppler har, som nemnt, mange sider. Doppler viser tydelege teikn på den såkalla 40-årskrisa. Far-son-forhold er eit sentralt tema. Likevel, det som kanskje først og fremst slår ein lesar som har lese dei tidlegare romanane til Loe, er den beiske samfunnskritikken. Loe har også tidlegare vore ute med klørne mot utvekster på det moderne forbrukarsamfunnet, men ordbruken er mykje skarpare i denne romanen. Til tider er tona aggressiv: «Jeg har pustet flinkhet og gradvis mistet livet...»

Språkleg er det ein avgrunn mellom Hamsun og Loe. Likevel får lesinga av Doppler meg til å tenke på Hamsun, Pan — og kanskje endå meir, Isak Sellanraa i Markens grøde. Hamsuns Sellanraa vil ikkje la seg fange av den tekniske utviklinga, Erlend Loes Doppler melder seg ut av det samfunnet der det materielle er det einaste saliggjerande. Og, når det vert for folksamt, vandrar både Sellanraa og Doppler vidare inn i skogen, bort frå sivilisasjonen.

«To be continued» står det på nest siste side i romanen. Det betyr at eit framhald truleg er på trappene. Boka legg opp til det og. På siste side står «InshAllah», om Gud vil. Kor som er, eg ser fram til å lese meir om Doppler.

Bjarne Tveiten