BOK

Mafia

Forfattar: Marita Liabø:

Roman

Forlag: Gyldendal

I denne romanen møter vi ein heil gjeng med sjølvmedvetne såkalla backpackarar frå ulike delar av verda. Dei møtest i Søraust-Asia, og finn saman i eit slags rollespel, mafia, der dei får ulike roller. Dette rollespelet, som har fleire trekk felles med såkalla reality-TV, er prega av sjalusi og mistanke i ungdomsgruppa. Sjølve er dei overtydde om at dei ikkje er noko så forakteleg som vanlege turistar, dei er verkelege reisande, som vil sprenge grenser og skaffe seg nye røynsler — og innsikt i, og forståing for dei framande kulturane dei møter. Øl og sprit vert konsumert i rikelege mengder, også andre rusmiddel til tider. Det vert endelaust mange seine, våte kveldar med kjefting og krangling, men også iblant med uro for enkelte i gruppa.

Eg sleit med denne boka på nær 340 sider. Iblant glimtar forfattaren til, og får oss til å skvette i stolen. Ungdommane tek lite eller ingenting på verkeleg alvor, og sett opp mot dei blodige hendingane vi kjenner til, for eksempel i Kambodsja, vert kontrasten verknadsfull og tankevekkande. Forfattaren er dessutan språkleg medveten, det gnistrar av mange vendingar. Men, boka har, etter mi meining, vakse ut over alle grenser. Ei kraftig innstramming, ei gjennomgripande redigering og opprydding, hadde gjort underverk. Rett ut sagt, eg synst ikkje konsulentane til Gyldendal har gjort jobben sin godt nok - for Mafia kunna ha blitt ein kjemperoman.

Bjarne Tveiten