50 varierte og gode artiklar og reportasjar frå ein våre beste journalistar.

Frode Grytten er 50 år i vår. Som ei markering bad forlaget han velje 50 artiklar frå sine år som journalist og forfattar med tanke på å gje dei ut i bokform. Det er forklaringa på den kryptiske boktittelen 50/50 . Undertittelen essay er noko misvisande. Grytten er skjønlitterær forfattar, særleg kjend etter Bikubesong (1999), og han er ein av dei mest velskrivande journalistane i sin generasjon, på sitt beste glitrande. Kvifor han då skal gjerast til essayist, er noko uklårt for meg, men «essay» kan etter kvart brukast om det meste av tekstar. Artiklar hadde vore meir dekkande.

Som journalist markerte Grytten seg med reportasjar som ligg i New Journalism-tradisjonen, det vil seie at dei legg stor vekt på språk, litterære teknikkar, detaljar og er meir subjektive enn vi er vande med frå journalistar i det daglege. Som journalist har Grytten på sitt beste ein språkleg kreativitet og poesi av høg litteraritet og står støtt i denne tradisjonen.

Grytten vantar ikkje humor, ofte beisk. Han tek pludreradioen på kornet i «James Joyce vitjar Radio FMs Frokostshow og kjem ikkje heilt heldig frå det». Det er sarkasme på sitt beste. Diverre tek han eit samtidsfenomen på pulsen. Humor er det òg mykje av i «Den nynorske terminalen, ein nynorsk remake av Steven Spielbergs The Terminal». Det er ei utprøving av takhøgda i nynorsk-kulturen. Det er med nynorskfolk som med andre minoritetar, ein blir lett meir katolsk enn paven.

Frode Grytten har mange referansar til populærkulturen, særleg musikk og fotball, og her er eg ikkje heilt til på høgda, men eg kjenner meg att i melankolien og nostalgien som pregar desse artiklane. Det gjeld òg skildringa av fotografen Weegee (Arthur Fellig), som i ein menneskealder fotograferte kriminalitet og skuggesider i New York. Grytten har ein eigen evne til å få kjenslelivets strengar til å dirre i skildringane sine.

Likevel er det reisereportasjane som eg vil hugse lengst, frå mange land og stader, Kina, Russland og i særleg grad møtet med sigøynarane i Romania. Artikkelen har relevans til diskusjonen om vi skal gje pengar til dei rumenske tiggarane eller ikkje, dei fleste er truleg sigøynarar. Skildringa av fattigdommen i Bucuresti og Transilvania etsar seg fast og gjer det forståeleg at dei drar nordover og på nedverdigande vis forsøker å få ein skjerv av rikdommen vår. «Gravlegg meg ståande,» seier sigøynarane, dei har vore på kne heile livet. Her viser Grytten engasjement og djup medkjensle.

Frode Grytten er ein av våre beste skribentar, og det er synd han forlèt journalistikken. Men i denne samlinga er det mange skriftstykke å glede seg over, og 50 år er då ingen alder på ei klokke. Frå Grytten kjem det heldigvis meir!