Forfattar: Andreas Bull-Hansen Forlag: Aschehoug

Vi møter hovudpersonen, politimannen Petter Tyrar, rundt 30 år fram i tid, i eit Oslo som er prega av mafiakriminalitet. Hovudstaden har blitt ein så farleg by at han, kona Linn og sonen Odd, bur utanfor byen. Ein kveld kjem han heim til tomt hus – Linn og guten er bortførde. På ein bar møter Tyrar ein underleg, einøygd mann som hjelper han. Ei blodig skotveksling endar med at Tyrar blir treft i skuldra, og når han vaknar finn han etter kvart ut at han er i Gladsheim, bustaden til Odin i Åsgard – og at han er krigsguden Tyr! Det er urolege tider i gude— og jotunverda, og Odin meiner at det nærmar seg Ragnarok. Då treng han Tyr som hærførar. På lange dramatiske reiser i den norrøne gudeverda, opplever han svært mykje, men sjølv om han litt etter litt minnest meir og meir av tida før han, med hjelp av seid, kom til menneskeverda, kan han ikkje gløyme Linn og Odd, og set alt inn for å kome tilbake til dei.

Forfattaren har Snorre og «Den yngre Edda» i ryggmargen, og har gjort så mykje og god research at han iblant tillet seg å oversjå islendingens framstilling av mytane. I botnen ligg også ein solid litterær handverkar i det store formatet. Det episke drivet smakar det fugl av, og sjølv om boka er ein torso ( Jotnens hjemkomst er første bind i ein planlagt serie), tillet eg meg å slå fast at Bull-Hansen har skrive første delen av ein fantasy-romanserie som kjem til å sette merke etter seg.