ROMAN

Forfattar: Anders Bortne

Forlag: Tiden

Familien Randaberg: pappa Stig – Ismannen – mamma Silje og den 12 år gamle sonen deira, Marius, er ingen A4-familie. Stig har deltidsjobb som utkøyrar av middagsmat til eldre, mor Silje – som har fått fjerna ein kreftsvulst i hjernen – arbeider på ein sjukeheim og Marius er svært intelligent og vaksen for alderen. Ismannen har verdsrekord i isbading, over to timar sittande i isvatn til halsen. Medisinsk skal det vere umuleg, men Stig makta det, og sjølvsagt ser Marius opp til pappa. Ei ferd til Møre blir vond for 12-åringen – ingen behandlar pappa med den respekt han fortener. I København møter Ismannen konkurrenten Wim Wanhof frå Nederland. Der held det på å gå gale, men stabeisen, artisten – og på mange måtar egoisten Stig gjev seg likevel ikkje. Han skal til Svalbard for å utføre det ultimate stuntet. Bortne har skrive ei varm bok mot ein kald bakgrunn. Portrettet av Marius har mange fasettar: barn og vaksen, flink og usikker, sky og søkande. Mamma Silje kjem vi også tett innpå, men ho blir ikkje like mangslungen og fascinerande som pappa Stig og Marius. Til å begynne med reagerte eg på språket forfattaren legg i munnen på 12 år gamle Marius. Det kjendest som altfor vaksent, men i etterkant ser eg at det likevel er rett – 12-åringen har vore nøydd til å bli vaksen i ung alder. Alt i alt er «Ismannen» ei fin skildring av ein spesiell familie, ein familie som strevar på mange plan.