ROMAN

Forlag: Gyldendal

Surrealistisk og språkekvilibristisk skrivekunst på høgt plan

Hovudpersonen, professor i arabisk ved Universitetet i Oslo, Andresen, finn ein firkløver på plenen utanfor Historisk-filosofisk institutt same dagen som han får ei innbyding til å halde ei gjesteforelesing i Canberra i Australia. Båe delar feirar han åleine med gin og tonic. På kvelden oppdagar han at ein parkeringsplass er ledig utanfor bustaden, og hentar bilen og får han på plass. Etter litt om og men kjem politiet. Professoral tyngde kan ikkje skjule at Andresen har køyrt i fylla, og det får konsekvensar.

Vi følgjer Andresen frametter og blir kjende med kvinner og menn i omgangskrinsen hans på slutten av 1900-talet. Retrospektivt får vi glimt frå fortida, men Kong Rad er først og fremst ein vel 300 sider lang demonstrasjon av surrealistisk og språkekvilibristisk skrivekunst på høgt plan. Den fråverande kona til Andresen, kvinnesakskvinna Camilla, luktar det Wergeland / Collett av. Ei sprelsk, sexy ungjente med namnet Margrethe Munthe blir rasande når ei hyrdestund ikkje blir noka av på grunn av ein telefon. Allusjonar vrimlar det av, og så leikar forfattaren seg med å fikle med ord og vendingar. Til venen Leon, i rullestol, omtalar professoren kona si som «Brennesla fra Vennesla». Ånond Øskje (!) får Andresen til å filosofere: «..den datakyndige glasiologen, stjernegynekolog under Stenbukken med doktorgrad fra Sushi-akademiet i Schwartzwald..». Les og le, og oppdag alvoret under surrealismen.