BOK

Forfattar: Heidi Linde:

Tittel: JUGGEL

Roman

Forlag: Gyldendal

Bra roman, men han hadde hatt godt av ei relativt kraftig innstramming.

Rammeforteljinga fortel om 30 år gamle Maj på veg tilbake til ei gravferd i småbyen der ho vaks opp. Ho er gravid med ein sambuar ho ikkje heilt veit om ho skal binde seg til. Undervegs strøymer minna på, opplevingar som såkalla fjortis. Friskt og nært fortel forfattaren retrospektivt om det å vere ung jente: spele i korps, å få mensen, intrikate og — for menn - nokså uskjønlege venninneforhold. Mamma maktar ikkje alltid oppgåva som einsleg mor. Og - det handlar om forelsking. Det er i desse retrospektive avsnitta at forfattaren på ei og same tid både er på sitt beste og sitt verste. Friskt og nært og ekte - men det vert for mykje av det gode. Bipersonane vert mange etterkvart, og så vel forfattaren å utstyre dei nesten alle saman med ei bakgrunnshistorie. Det blir til tider forvirrande for lesaren. Sagt med andre ord, boka hadde hatt godt av ei relativt kraftig innstramming. Om eg ikkje minnest gale, var det den einaste innvendinga eg hadde om Under bordet også.

Når det er sagt, her er mykje å glede seg over. I samtalane mellom dei heilt unge jentene glimtar forfattaren til med dialogar som verkeleg lever. Tittelen Juggel er ganske råkande, men seier eg for mykje om den, røpar eg lett for mykje.

Bjarne Tveiten