BOK

Brev til himmelen

Forfattar: Vibeke Løkkeberg

Roman

Forlag: Oktober

Forfattarens hovudperson, Pajara, kjem frå jungelen, ein stad i Mellom— eller Sør-Amerika. Som barn blir ho ført bort frå stammefrendane sine og plassert på ein misjonærskule. Der blir ho påtvinga namnet Maria(!), på det grovaste utnytta seksuelt, og tvinga til å lære spansk. Dei religiøse og kulturelle skilnadene er enorme, og - for å overleve psykisk - dels fortrenger Pajara det ho opplever, dels omdefinerer ho røyndomen.

Då ho vert sett i arbeid på ein kaffiplantasje, møter ho mor si igjen. Saman reiser dei til byen for å finne att faren, som i si tid var høvding og stammeleiar, men som sprit har øydelagt.

To gonger endar dei seksuelle overgrepa i graviditetar. I ein utmagra hønseskrott finn Pajara ein diamant, stor som ei kaffibønne. Og det er så lang eg vil seie noko om handlinga.

Brev til himmelen er eit rasande oppgjer med overgrepa mot indianarane - slik dei skjer også i dag, i Guds og pengemaktas namn. Vibeke Løkkeberg teiknar eit bilde i svart-kvitt, der europearanes kvite hud vert symbolet på dei verste overgrep som tenkjast kan. Romanen er rå, til tider noko av det råaste eg har lese.

Klisjear finst. Det litterære handverket er ikkje alltid like godt. Åtaka på misjonen er unyanserte. Og likevel, dette er ein roman eg føler at Løkkeberg har lagt sjela si i.

Eg seier berre: les romanen, for svingande!

Bjarne Tveiten