— Himmel og hav! Det er 'kje spik? No vart eg nesten mållaus, utbryt Tor Espen Helle. Vallebonden har just fått vete at han har vunne Fædrelandsvennen si kåring av «Årets sørlandskjendis». Dette gjorde han i konkurranse med 15 andre kandidatar, mellom andre Sarita Sejhpal, Zlatco Tripic og Terje Formoe.

Tor Espen Helle har i år vorte rikskjent gjennom TV2 sin serie «Jakten på kjærligheten», sjølv om han ikkje kom heilt i mål med prosjektet med å skaffe seg kone.

Kjent er han i alle høve vorte, også fordi TV2 såg seg nøydd til å tekste valledialekten hans. At «gama» tyder moro, vert til dømes ikkje forstått alle stader.

Feirar med kaffi

Då røystene var talt opp no i romjula, stod Tor Espen Helle att som vinnar av kjendiskåringa til Fædrelandsvennen.

— Dette trur eg mest eg må setje meg ned og feire med ein god kopp kaffi, flirer sauebonden som har måtta finne seg i eit tilvære som tv-kjendis det siste halvåret.

Han har merka at bilane på Riksveg 9 sakkar på farta når dei køyrer forbi garden i Valle, og folk skal ha kome eins ærend frå Bergen for å sjå på garden.

Jaktar framleis

— Det har vore voldsomt mykje styr med dette, så no vil eg ta det litt meir med ro, seier Tor Espen Helle.

— Kva skal du bruke 2015 til etter at 2014 har vore som det har vore?

— Då skal eg ha full planlegging av oppbygginga av sauebestanden på garden, og eg skal framleis prøve å finne kjærleiken.

— Det første reknar eg med du har god kontroll på. Korleis er det med dette andre? Er det landkjenning i sikte?

Meir sau

— Det er fleire som har kontakta meg, men eg skal ta det roleg og så får vi sjå, sier Helle lettare løyndomsfullt.

— Sauen då? Kor mange skal du ha når du er ferdig?

— No skal eg auke frå 90 til 110 dyr på vinterforing. Og i 2016 skal eg bygge nytt sauefjøs så eg kan ha 270 dyr, seier Helle.

— Ja, du får ha lukke til og godt nytt år.

— Godt nyttår. Vi talast ved.