Vi møter eg-personen, ei ung jente, idet Bestyreren køyrer henne frå bygda til opp på fjellet. Der skal ho overta jobben som bomvaktar etter bestefaren sin. Grusvegen er humpete, bratt og svingete — fleire stader gaper avgrunnen på eine sida av vegen. Ho synst fjellet er kaldt og trist, men ho møter utfordringane med friskt mot. Etter kvart møter ho ein stum jeger som gjer inntrykk. Etter ei tid "koser" dei seg, for å bruke forteljarrøystas ord. Musikk høyrer ho også, men er musikaren i fjellet verkeleg?

Forfattaren har skapt eit eige univers, eit tidlaust fjellandskap med bygda på den eine sida av bommen, og byen på den andre. "Bomvokteren" er ein fascinerande roman, mellom anna om å overleve, om å ta utfordringar, om å vere fattig og totalt utlevert til andre menneske, om å leve i skjeringspunktet mellom to verder. Ungjenta teiknar alt muleg, kanskje ei kunstnarsjel? Mor og far er døde, bestefar døyr også i løpet av sommaren.

Språket er enkelt og rett fram, utan krumspring av noko slag. Det ligg noko Erlend Loe-aktig og vaker i bakgrunnen. Det som framom alt grip fatt i meg er alt det som ikkje blir sagt, alt som er uklårt og uvisst, alt som det kan stillast spørsmål med. Den tåka som møter jenta den første tida i fjellet er ikkje tilfeldig - det ligg ein slags tåkeflak over det meste av denne boka. Ingen veit heilt visst?