BOK

Forfattar: Arne Hjeltnes

Forlag: Kagge

Komikk og sterkt engasjement for enkeltmenneske.

På garden til Ivar Nimme lever 400 grisar det gode livet. Nimme driv bra, grisane trivst og toppkokkar betaler svært godt for til dømes spedgrisane hans. Nimme har ingen sans for firkanta byråkratar og – etter hans meining – tullete EU-reglar. Lensmannen kjem til tuns, og etter kvart får Ivar melding om tvangsslakting av grisane. Etterpå slepper han grisane ut og lokkar dei 400 dyra med seg til bygdesenteret der dei spreier seg for alle vindar. Då grip RÅDET inn, ei hemmeleg gruppe maktmenneske med medisinsk, juridisk og økonomisk ekspertise. Revolt vil dei ikkje ha noko av, og dokter Colle får grisebonden innlagt på galehus. Men indianaren Will, som er nederlendar (!) og andre vener grip inn. Grisebonden blir sleppt ut, og karane lagar veg i vellinga.

Ivar Nimme er full av komikk, iblant lo eg så tårene trilla. Men romanen er mykje meir: bak dei hysteriske overdrivingane ligg eit sterkt engasjement for enkeltmenneske, mot stivbeint byråkrati, «besserwissermentalitet» og styring av landdistrikta frå bymenneske utan sans for bøndenes problem. Mest er boka eit drepande oppgjer med maktmenneske – med avgjerder som blir tekne bak lukka dører, med overgrep mot meir eller mindre hjelpelause enkeltindivid. «Gutteklubben Grei» – ja, til og med Kafka – slo inn i meg mens eg las. Høgremannen Hjeltnes slår nådelaust mange vegar, og eg spår EU-skeptiske bønder vil like boka betre enn Frognerhøgre.