14-åringen Mons Ulrik Ferdinand Andrè, berre kalla Muffe, går på Brandenga skole i Drammen. Nille, ei jente i klassen hans blir mobba. Kameraten hans, Hussein, blir utsett for grov rasisme. Mattelæraren Torbjørn Ahlheim, berre kalla Røret, er alkoholikar og rotar til livet sitt meir og meir. Far til Muffe er i grunnen nokså utafor til vanleg, og betre har det ikkje blitt etter at den hyperaktive kona hans, mor til Muffe, har reist nordover og blitt 17. mainemnd-medlem! Og så er det Bodil då, eller Bomba, som elevane på skulen kallar ho, som har blitt den nye dama til far — og som nesten skremmer vatnet av Muffe. Ho var helsesøster på skulen eit par år, og hadde ord på seg for å kunne vere ganske handfast!

Med andre ord, Muffe har fått fleire flokar å løyse, og denne gongen har han Nille med seg. Forfattaren let Muffe fortelje heile historia, med språket til ein 14-åring frå Drammen. Det kan verke bråkjekt av og til, men det er rotekte.

Det vert etterkvart svært spennande og dramatisk, men det endar akkurat så godt som det skal i ei god bok for unge lesarar.

Mobbing, alkoholisme, rasisme er hovudtema i denne - etter mi meining - svært vellykka ungdomsromanen. Forfattaren er engasjert, har ein saftig porsjon humoristisk sans, og allusjonane til Og bakom synger skogene er råkande. Pelle Parafindåmen er klår - og positiv.

Bjarne Tveiten

BOK

MUFFE 2: Og bakom synger hverdagen

Forfattar: Arne Garvang

Ungdomsroman

Forlag: Aschehoug