- Går eg minus orkar eg ikkje eitt år til, seier festivalsjef Signe Røinås til Fædrelandsvennen.

BYGLAND: — Hellooo, where are everybody, ropte gitarist John Beland i The Flying Burrito Brothers då bandet gjekk på scenen i titida laurdag kveld.

Han gjorde rett i å lure, men det kom etterkvart rekande ein hop i cowboyhattar og frynseskjorter frå kafebygget på Reiårsfossen Camping.

- Går eg minus orkar eg ikkje eitt år til, seier festivalsjef Signe Røinås til Fædrelandsvennen.

Ølteltet medrekna var det kanskje 500 inne på området, men likevel såg det rett skrint ut på festplassen då bandet sette i gong.— Eg trur det skjer for mykje anna denne helga. Det er jordbærfestival på Evje og fest i Travparken også. Eg trur ikkje vi kjem til å selge meir enn tusen billettar til saman på desse to dagane. Det er klart det ikkje er nok i det heile teke. Vi hadde trengt 2500, seier ein skuffa festivalsjef Signe Røinås.

Privatøkonomien på spel

Ho har sett privatøkonomien på spel for at Setesdal framleis skal ha ein countryfestival, og i år ligg det 700.000 kroner i potten. Kor mange av desse kronene ho får att er særs uvisst. Jamvel om veret har vore godt og det meste skulle ligge til rette, har countryfolket svikta festivalen i år.

— Trass dette var stemninga god mellom festivalgjestane Fædrelandsvennen prata med på Ose. Samstundes nemnde jamt dei fleste kor leitt det er for arrangørane med så lite folk. No slår Signy Røinås mest fast at det nok ikkje blir nokon festival neste år.

- Ikkje eitt år til

— Går eg minus orkar eg ikkje eitt år til, seier ho.

— Det meste tyder vel på det?

— Ja, det gjer jo det, seier ho.

Countryfestivalen på Ose vart arrangert for første gong i 1983, då sjokkerande 10.000 menneske kom. Etter det vart det stilt lenge.

Så vart han teken opp igjen rundt førre hundreårsskiftet og hadde brukande besøk år om anna.

Første året Signe Røinås hadde ansvaret for festivalen var i 2010. Då kom det 2500. Etter det følgde katastrofeåret 2011 då festivalfredagen fall på terrordagen 22. juli.

Dette saman med flomvarsel førde til katastrofetal, og dei fleste kreditorane gjekk med på å redusere krava. Men denne gongen spørst det om noko kan redde festivalen.