KRISTIANSAND: Marsj frå Holt, Sordølen, Aust-Agder-springaren Kvite-Aslak — det er blant slåttane som kling i BUL-salen i Mållagshuset i Kristiansand kvar tirsdags kveld. Her møtest Kristiansand Spel- og dansarlag til øving kvar veke. Når dei er samla alle saman tel dei tett oppunder 20. Fædrelandsvennen møtte 13 - 10 kvinner og tre menn. Sjølv om kvinnene er i fleirtal vil dei gjerne kallast spelemenn. Eller felespelarar. Spelemannen Halvdan Furholt er ein av veteranane i laget, men nå har han gjeve leiaransvaret vidare til Hilde Strømsnes (28). Frå nyttår tok ho over som musikalsk leiar. Førebels sit ho og Halvdan ved sida av kvarandre på øvingane. Musikalsk leiar

  • Han er ein autoritet, og eg har mykje å lære av han, seier Strømsnes. Sjølv er ho frå Osterøy ved Bergen og voks opp med vestlandstradisjonen innan felespel, så annleis i høve til Agder-tradisjonen. Ho byrja å spele hardingfele då ho var ti år. Den gongen var det på Osterøy 40 ungdomar under 18 år som spelte hardingfele. Ho finn ikkje den same interessa her i Kristiansand, men er svært glad for at det er to unge i tiårsalderen som nyleg har meld seg inn i laget. - Vi er eit veldig blanda lag, både på nivå og andre måtar, og vi legg vinn på å prøve å få med alle på det meste, seier Hilde Strømsnes. Vil du lese mer? Se vår papirutgave.