Handlinga i denne romanen er lagt til rundt 2120. I år 2053 braut det ut atomkrig i Europa, og sivilisasjonen gjekk i oppløysing. Rasekrigar, krigar med religiøse overtonar, forferdelege sjukdomsepidemiar raserer heile kontinentet. Dei få overlevande samlar seg i primitive stammesamfunn. Ozonlaget er borte, og sola, kalla Satan, er drepande. Skriftspråk finst ikkje lenger, og talemålet er degenerert. Menneske har blitt menske, vanskelig vanskli' og så vidare. Ein kontinuerleg vinter har lagt seg over Europa, hardare di lenger nord ein kjem. Før ragnarok hadde vitskapsfolk avla fram nattjegerar, genetisk ei blanding av dyr og menneske, som var superkrigarar. Enkelte land, blant andre Italia og England, hadde bygt svære glaskuplar med diverse eksemplar av dyr og plantar. I desse hadde ei gruppe menneske blitt lagde i dvale, programmert til å vakne etter cirka 60 år. Dei blei utstyrte med avansert elektronisk sambandsutstyr, slik at dei kan halde kontakt med kvarandre. Desse menneska vaknar til live som bestemt, og legg endå ein del av bakgrunnen for handlinga.

Inn mot dette bakteppet følgjer vi nattjegeren Evv Lushon, den siste nattjegeren i Osh Lo. Jadå, det er Oslo det er tale om, og namnet til nattejegeren er ei forvansking av ordet evolusjon. Men eit Osh Lo der anarki rår, der kannibalisme har blitt heilt naturleg. Mangelen på mat er enorm, det er alle grupper eller stammers kamp mot alle. Evv dreg på grunn av hendingar eg ikkje skal røpe, nedover Europa og møter ein tysk by der helvetet ikkje er fullt så gjennomført som i Osh Lo. Vidare går reisa over Alpane, til Italia, men der er samfunnet i glaskuppelen i ferd med å gå fullstendig under. Reisa går vidare, men no skal eg ikkje røpe meir av handlinga.

Lushons plater er sjølvsagt science fiction, men eg meiner å ha lese eikor staden at forfattaren sjølv har uttala at alt det han fortel om i boka er muleg med teknologi som anten er ferdigutvikla, eller er i ferd med å bli det. Akkurat det skal eg ikkje diskutere her, men det er eit vanvittig inferno Bull-Hansen skildrar. Hovudpersonen, Evv Lushon, har både mennesket og dyret i seg. Han lærer å lese, og han kan tenke og reflektere omtrent som eit menneske. I motsetnad til andre nattjegerar som han etterkvart møter i andre delar av Europa, har han evne til å kjenne empati, blant anna for nattjegerbarnet Gro'am.

I tidlegare romanar, dei fleste lagde til forfattarens sjølvutvikla jernalderverd, har det mest vore underhaldning og eventyr. Inn i denne framtidsromanen er det lett å lese skarp kritikk av samfunnet i dag: Valden, mangelen på omsorg, strevet etter ting, dyrkinga av egoet og så vidare.

Science fiction er ikkje min type litteratur, men Lushons plater er tankevekkande og skremmande, og eg nøler ikkje med å anbefale alle å lese dei 600 sidene.

Bjarne Tveiten