Folkemusikk

Etnisk Musikklubb

Omslag-Seint-var-det-om-kvelden-666x1200.jpg

Eit særs viktig kulturarbeid er gjort i og med utgjevinga av denne doble cd-pakken med omfattande tekst-hefte på 50 sider. Ein kan godt kalle det ei prakt-utgåve, i same format som den som Etnisk Musikklubb gav ut om Setesdalsmusikk og Bjørgum-spel for kort tid sida. Gard Nergaard er den unge spelemannen som har trengt inn i tradisjonen og som gjev att dei gamle slåttane. Eg kan mest ikkje seie det betre enn han sjølv gjer: «Eg følte at eg kom på innsida av noko tidlaust som bind i hop slåttane og stadene, historia og mytane, fortida og notida. Noko som alltid hadde vore der og liksom berre venta på å verta oppdaga».

Ein kan høyre at det ligg mykje øving bak desse slåttane , likevel er dei friske. Frå gamalt av har Setesdal og Hardanger vore «folkemusikk-stadene» framfor noko, men no kjem sanneleg Manndalen godt etter.

Denne utgåva fortel historia om musikken , om spelemennene, om tradisjonen og religionen, om pietismen og ølet. Og så er det to timar god musikk, både med fele, fløyte, song, tromme og trekkspel — og like mange medverkande. Men bak det heile står Gard Nergaard og eit unikt samarbeid med folkloristen Paul Sveinall. Eg må kalle det ei festreise i Mandalen.