Målet til publikasjonen er, ifølgje Søgne-ordførar Astrid Hilde, å «få ut fakta og informasjon, slik at debatten ikke bare skal være basert på følelser». Like fullt må ein konstatera at avisa er prega av kjenslemessig begeistring snarare enn nøktern informasjon, at den er selektiv i faktapresentasjonen, og at den totalt sett framstår som ein brikke i ein kampanje for å få fleirtal i dei komande folkerøystingane.

Propaganda er forstått som einsidig, massespreidd informasjon som har som mål å overtala folket til eit visst standpunkt i eit ideologisk eller politisk spørsmål. Propagandaen er ikkje interessert i motargument eller alternative måtar å sjå verda på. Den gjer aktiv bruk av retoriske verkemiddel, slik at det einaste moglege utfallet for publikum til sist er å innta det same standpunktet som avsendaren.

Gammaldagse eller ufornuftige

Terje Skjerdal Foto: Egil Saeboe

Den einaste moglege konklusjonen av K5-publikasjonen er at dei fem kommunane må slå seg saman. Alle andre standpunkt er effektivt parkert som anten gammaldagse eller ufornuftige. Førstesida lyser mot oss med ein appell frå ungdomen: « — Det handler om vår framtid ». Med andre ord, den som er mot samanslåing, er mot framtida. På side 2 åtvarar forhandlingsleiar Johnny Greibesland mot « frykten for forandring » - og kven vil vel bli klassifisert som endringsfiendtleg?

Les også :

Eit sentralt grep i K5-retorikken er marginalisering av annleistenkjande. Etter å ha lese gjennom avisa, får ein inntrykk av at den som er mot samanslåing, tilhøyrer ei avvikargruppe på utsida av majoritetssamfunnet. Alle dei andre, anten det er familien, dei idrettsaktive, den kommunetilsette eller skogsarbeidaren, står tillitsfullt fram som smilande representantar for kvardagssørlendingen som er viss på at han eller ho vil få det minst like godt som i dag når den nye storkommunen er eit faktum.

Les også:

Men skepsisen er ikkje heilt fråverande. På side 24— 25, i lag med nesten 50 andre personar, får tvilarane koma til orde («bygdepatriot» m.fl.). Dermed kan ingen hevda at utgjevarane ikkje slepper dei kritiske røystene til. Grepet er velkjent i retorikken. Ein liten dose med alternative røyster feiar effektivt av bana påstanden om einsidig kommunikasjon.

Fakta og realiteter

Ifølgje forhandlingsleiaren blir det «uhyre viktig med informasjon fremover, slik at beslutningene baseres på fakta og realiteter». Underforstått: Utgjevarane av avisa sit på objektive fakta, medan andre driv med synsing. Men faktagrunnlaget er høgst usikkert. Til og med det føreslegne inntektsystemet er usikkert, mellom anna fordi det avheng av kor mange kommunar som til sjuande og sist slår seg saman.

Andre faktaopplysningar får mindre merksemd, eller vert oversett. Den mest omfattande spørjeundersøkinga om kommunale tenester her til lands, Difi-undersøkinga med meir enn 12.000 respondentar, har funne ein klar samanheng mellom kommunestorleik og tilfredsheit. Innbyggjarane i småkommunar er mest nøgde med tenestetilbodet, medan innbyggjarane i dei fire største byane er minst nøgde. Dette kan òg kallast «fakta», men har ikkje fått nokon plass i informasjonsavisa til K5. > ... ingenting vert sagt om utfordringa med det 77 representantar store kommunestyret...

Diskusjonen om lokaldemokrati er tilsvarande selektiv. I eit oppslag om «skreddersydd nærdemokratimodell» vert det framheva at kommunedelsutvala skal få påverknad i ulike spørsmål, men ingenting vert sagt om utfordringa med det 77 representantar store kommunestyret, der kvar av dei fire randkommunane kan ha håp om å få mellom 3 og 6 representantar, og dermed bli redusert til ein brøkdel av dagens engasjement. Mange lokalparti vil ikkje få representasjon i det heile. Kva gjer dette med lokaldemokratiet? Mange er opptekne av problemstillinga, men den 36-siders store K5-publikasjonen har ikkje funne plass til å gå inn i den.

Kven betaler for dette?

Propaganda er ikkje interessert i ein opplyst offentleg samtale der ulike synspunkt får bryna seg mot einannan. Dette har K5-ordførarane effektivt oppnådd ved å ikkje invitera andre enn seg sjølv inn i redaksjonen. Dei fem har gått ut av rolla som samlande leiarar for kommunen, og inn i ein kamp.

K5-avisa er tilsynelatande ein del av ein kommunikasjonsstrategi med massivt trykk i ulike kanalar (nettside, You Tube-videoar m.m.). Rett etter medieoffensiven skal innbyggjarane svara på ei telefonundersøking, som vert avslutta akkurat i tide til folkerøystingane 6. juni.

Kven betaler for dette? Har «motparten» fått eit tilsvarande budsjett til rådvelde?

Kampanjen involverer eit kommunikasjonsbyrå og minst fire eksterne medierådgjevarar (som står bak informasjonsavisa). Kven betaler for dette? Har «motparten» fått eit tilsvarande budsjett til rådvelde? Om ikkje, har kampanjen fått ei slagside som vil bli vanskeleg å retta opp innan juni.

Diskusjonen om kommunesamanslåing kunne vore eit høve for ordførarane til å fremja eit ordskifte tufta på openheit og balansert meiningsutveksling, men Nye Kristiansand-avisa indikerer at dei har valt å satsa på det motsette.