— Nåja. Bortsett frå ein journalist i Setesdølen og nokre aktivistar sør på Rysstad, høyrer eg mest heiarop, seier ordførar Tarald Myrum.

Valle sentrum. Framme til venstre ser du soknehuset som ordføraren og kommunestyrefleirtalet vil rive og erstatte med et nytt sentrumsbygg.

Det handlar om Valle kommune skal låne 21 millionar kroner og bygge nytt sentrumsbygg med kino, bibliotek, forsamlingssal og presentasjonssenter for Setesdal Vesthei i Valle sentrum.Skuldingane haglar om alt får at opplysningar vert haldne attende frå kommunestyret til at dei sør i kommunen ikkje kan unne Valle eit nytt bygg. No er saka på nok ein runde i kommuneadministrasjonen.

Journalist i Setesdølen, Ole Birger Lien, meiner ordføraren avdramatiserer vel mykje:

— Eg driv nødvendig kritisk journalistikk i ei sak som opptek så å seie alle. Eg har sjeldan vore ute for sterkare engasjement, seier han.

Strekk seg i stolen

Myrum strekk seg i ordførarstolen. Den sat han i åtte år på nitti-talet. No har han hatt posisjonen i fire nye år, og han håpar på attval.

— Eg ville gje meg no, for me har flotte folk til å ta over. Men det har vore mange problemsaker. No ser eg fram til fire år med positiv utvikling, seier Myrum.

Samstundens kokar det i kommunen, og aktivistane Myrum talar om er også i hans eige parti.

Trakk seg

Sp-leiar Bjørgulv N. Berg fra Hylestad har til dømes lagt ned vervet i protest mot ordføreren sin plan om sentrumsbygg i Valle. Sp-kandidat og tv-kjendis Tor Espen Helle frå Hylestad seier til Setesdølen at han står på Sp-lista for å kjempe mot Sp-saka om sentrumsbygg.

  • Eg skal stemme på eks-ordførar Steinar Kyrvestad i Ap. Han gjer ikkje skilnad på Per og Pål og Hylestad og Valle, slik visse andre gjer!

På Rysstad står Berit Homme bak kassa medan Inger Rysstad handlar. Begge vil skifte ut Tarald Myrum.

Sp sine partnerar i Venstre og Høgre har stemt for sentrumsbygg, men det er val. I begge partier talar folk no om å gå mot.— Eg skal stemme på eks-ordførar Steinar Kyrvestad i Ap. Han gjer ikkje skilnad på Per og Pål og Hylestad og Valle, slik visse andre gjer!

Det kjem kontant frå Berit Homme bak kassa i samyrkelaget på Rysstad. Ho meiner kommunen må støtte næringslivet og satse på bygdeheimen i staden for å bruke millionar på staselege sentrumsbygg. Kunde Inger Rysstad er nokså einig.

— Soknehuset i Valle er det einaste forsamlingslokalet me har i sentrum. Det ser ut som ein godt brukt privatbil frå seksti-talet. Skal me utvikle oss og skaffe nye innbyggarar, treng med dette, seier Myrum.

Han blir med for å la seg fotografere saman med motstandar og konkurrent Steinar Kyrvestad frå Ap, men det er ikkje mange orda dei veksler.

Kontroversielle Kyrvestad

Kyrvestad byrja i KrF og heldt fram som ordførar for Sp i åtte år. No er han i Ap. Han er kjend som ein kontroversiell mann i bygda, og skal vere ein av grunnane til at kommunetilsette i vår skreiv protestbrev mot språkbruken i kommunestyret.

  • Eg er tydeleg, men eg veit ikkje av nokon bygdestrid.

Steinar Kyrvestad (Ap) vil satse på bygdeheimen og soknehuset på Rysstad, framfor sentrumsbygg i Valle.

— Eg er tydeleg, men eg veit ikkje av nokon bygdestrid, seier Kyrvestad.- Me kan ikkje nytte pengar me ikkje har. Eg vil bygge ut bygdeheimen og heller satse på soknehuset på Rysstad og storstoga med skulen, seier Kyrvestad.

Han trur han har god sjanse til å slå Myrum og ta over ordførarstolen att. Han seier folk ikkje vil ha eit bygg til titals millionar i ei tid kor Valle kommune må kvitte seg med åtte, ti tilsette grunna dårleg økonomi.

  • Me må ha ein ordførar som ser framover og vil noko. Eg meiner Kyrvestad berre kritiserer, han skapar ikkje.

Ørnulf Hasla meiner Valle må satse på eit nytt bygg i sentrum for å tiltrekke seg folk.

Ørnulf Hasla eig og driv den største private arbeidsplassen i Valle sentrum, ein moderne smykkedesign-bedrift med 15 tilsette.— No har Myrum og eg felles borneborn så eg er kanskje litt tett på. Men me må ha ein ordførar som ser framover og vil noko. Eg meiner Kyrvestad berre kritiserer, han skapar ikkje. Folk skal trivast for å bli i Valle. Då treng med nytenking og satsing.