Eg trudde ikkje at eg skulle kome til å bruke ordet vemod om ei bok av Cornelius Jakhelln.

Jakhelln Foto: Erling S. Hægeland

Cornelius Jakhelln, fødd i 1977, er varsamt sagt, ein mangfaldig herre.Frontfigur i tre band: «Solefald», «Sturm» og «H.U.G».Akademikar med to mastergrader i filosofi.I 2006 skreiv Emil Otto Syvertsen i ein omtale av boka «Fagernorn»: «Forfatteren er blitt betegnet som et uvanlig språktalent i stand til å skape suggererende vakker og menneskelig poesi, han har et utemmet språk som kan gå ut over alle akseptable bredder, og han har vakre, treffende og stikkende bilder å by på.»

jakhelln.jpg

Det stemmer, men i «Lysbilder» kjem andre sider ved multikunstnaren til syne.Eg trudde ikkje at eg skulle kome til å bruke ordet vemod om ei bok av Jakhelln, men her gjer eg det.Det er mor og far det handlar om, og det elles ofte elleville språket er tona ned, som i eit dikt det står 22.4.2005 over: «Far, du står på en balkong på Palatinerhøyden / Collosseum ligger i venstre billedrand / Du ser utover Circo Massimo / I din niogskstiende vår / har du briller og høreapparat / olivengrønne fritidsklær / Du fisket så langt nord du kom /tålte ikke varmen og maset / For deg var det sønnen / som førte til Rom». Eg skulle gjerne ha sitert eit dikt om ei trafikkulykke mor, far og son var innblanda i, og eit som skildrar ei terrasse-scene.Det blir det ikkje plass til, men begge dikta er sansenære og sterke.

Men slutten av eit dikt om mamma, må eg gje plass: «Kjenne duften fra håret ditt / og gjemme meg / i armene dine / Mamma».Sidan det er Jakhelln som har skrive det, er det ikkje ironi.

Eit døme på den bildeskapande ordekvilibristen også: «Svart sand renner gjennom timeglasset / Med hvert korn faller et minne».

På siste side står desse strofene, som talar for seg sjølv: «I dette språket / er det kaldt i alle rom / Jeg rydder hyllene / og pakker ned i esker / Jeg slukker lyset / og låser meg ut / I dette språket / er det siste gang / Jeg går».

Vemodet, inkludert melankoli, blir i denne boka supplert av noko eg vil kalle visjonen om den totale undergangen, tilinkjesgjeringa.Undergangskjensla går som ein raud tråd gjennom heile samlinga.