Urmakeren i Auschwitz.jpg

SS-offiseren Paul Meissner kjem til Auschwitz frå Austfronten i 1944, krigsskadd, slik at han berre kan gjere administrativt arbeid.Oppdraget hans er å betre moralen til dei tilsette i utryddingsleiren og startar ein sjakklubb for offiserane.Også fangane spelar sjakk, og blant dei er Emil, den «uslåelege», jødiske urmakaren i leiren.Meissner får til fleire oppgjer mellom Emil og dyktige SS-sjakkspelarar, og blir stempla som «jødeelskar». Handlinga vekslar tidsmessig mellom 1944 — i Auschwitz - og 1962 - i Amsterdam, og det er tale om stor dramatikk, både på det fysiske og psykiske planet.Sjakktevlingane i 1944 skal følgje Meissner like inn i døden. Forfattaren har ein professortittel innan psykisk helsevern, er gift og busett i Liverpool.Boka er godt litterært handverk.

Som bakteppe fungerer dei nest-siste krampetrekningane til «Det tredje riket», med historiske personar/bedrifter som og IG Farben - ein industrigigant som kynisk nytta fangar som (nesten) gratis arbeidskraft.Detaltoverskyggande spørsmålet i romanen er, etter mi meining: Er det muleg å tilgje det utilgjevelege?Dessutan er boka eit svært godt skildra historisk drama, der det handlar om krig og fred, om vennskap og hat, om å akseptere - og ikkje.

Alle dei oppdikta hovudpersonane står fram som truverdige menneske, på godt og vondt.Spesielt imponerande er teikninga av den jødiske urmakaren i Auschwitz, den ufatteleg dyktige sjakkspelaren som audmjukar «ariske» superhjernar.Det intense hatet hans, den ufattelege uroa hans når det gjeld kona og barna, eg finn ikkje ord som dekker det han føler.

For ein som har lese svært mange tusen sider om det veritable helvetet leiren var, er «Urmakeren i Auschwitz» eit funn.Den ufatteleg råskapen blir skildra så nakent og kjenslelaust at ord eigentleg ikkje finst.I alle fall ikkje i mitt vokabular.Rett ut sagt, les boka, og bli mykje klokare!