Eg bur på Vigvoll Terrasse Burettslag, og vi har nyleg hatt ei omfattande rehabilitering til Lågenergihus klasse 1. Så straum går det svært lite av her! Reklame! Og eg sparar omhyggeleg på straumen, mest av gamal vane, men leverandøren veit å sko seg likevel. Når regnet høljer ned på oss og straumen er rimeleg, kr 21,40 per kwh = kr 50,93 i august, svingar dei opp prisen på nettleiga på tilsaman kr 275,00 per månad. Eg betalar altså fem gonger meir for nettleiga og gebyr enn for straumen. Slik har det vore lenge, og leverandøren (Los) har vel ein slags rett til desse nettleigene, frå Staten. Ei form for ekstraskatt. Dei vanlege skattane klagar eg aldri på, men i min alder har eg betalt mykje nettleige over tid.

Dette er både rart og urimeleg. Vi har liten innverknad på nettleiga, og det synes lite hjelp i å spare på sjølve straumen når avgiftene er store og faste og gjerne stigande. Eg er dessutan i tvil om sjølve fakturagebyret kan vere riktig. Leverandøren skal vel ikkje tene pengar på dei? For oss rike nordmenn kan mine innvendingar synes pirkute, men irritasjonen må ha utløp! Og eg treng ei utgreiing om saka — gjerne i avisa.