Bortimot hundre parti stiller til val med totalt over 6000 kandidatar. Dei to klart største partia er NLD (nasjonal liga for demokrati) og USDP (unionspartiet for solidaritet og utvikling). NLD er leia ar den nå 70 år gamle nobelprisvinnaren Aung San Suu Kyi. USDP blir på folkemunne kalla «militærpartiet» og er nært knytt til regjeringa og militærjuntaen. NLD boikotta det første parlamentsvalet i 2011. Men da partiet stilte opp ved suppleringsval året etter, fekk Suu Kyi sete i nasjonalforsamlinga, og NLD kapra 43 av dei 46 plassane som var på val.

Ikkje alle demokratisk valte

Parlamentet har underhus med 440 representantar og overhus med 224, men ikkje alle som sit der er demokratisk valte. I følgje grunnloven frå 2008 utpeikar dei militære 110 representantar til underhuset og 56 til overhuset. Mange av dei folkevalte — spesielt frå USDP - har også bakgrunn frå forsvaret, noko som forsterkar påverknadskrafta til dei militære. Parlamentet vel presidenten i landet. Ei lovendring gjer at Aung San Suu Kyi ikkje kan bli president, fordi ektemannen var utlending.

Kristian Hagestad

Sjølv om styresettet har sine demokratiske mangelsjukdommar, er den internasjonalt dominerande oppfatninga at utviklinga går i riktig lei. Ein rapport frå International Crisis Groupstøttar dette og påpeikar store forbetringar sidan valet i 2010. Samstundes finst det ei rekke utfordringar som skaper uvisse om kva veg utviklinga vil ta dei kommande åra. Den største utfordringa er knytt til etniske og religiøse motsetningar. Av dei vel 56 millionar innbyggarane utgjer burmanarane om lag to tredelar. Resten er fordelte på ei mengde etniske grupper, oppgitt antal varierer frå ca. 70 til 135. I tillegg kjem etterkommarar til folk frå India og Nepal, som dei britiske koloniherrane hadde med seg. Og i seinare år har talet på kinesiske innvandrarar skote i veret. Burmanarane er i all hovudsak buddhistar. Av totalbefolkninga utgjer kristne og muslimar fire prosent kvar; dei aller fleste av desse tilhøyrer minoritetsgrupper.

Siste åra har det i Myanmar vakse fram militante buddhistiske rørsler med sterk antimuslimsk profil og stor oppslutning blant burmanarane.

Brutal framferd

Heilt sidan frigjeringa i 1948 har det vore spenningar og til dels væpna konfliktar mellom sentralstyresmaktene og regionale grupperingar basert på etnisk identitet. Den nasjonale hæren har blitt berykta for brutal framferd. Etter fleire år med førebuing blei det 15. oktober i år inngått ein nasjonal våpenkvileavtale med åtte opprørsgrupper, derav tre frå karen-folket. Sju andre grupper følgde forhandlingane, men slutta seg i første omgang ikkje til avtalen. Andre har avvist å forhandle. For tida er det fleire pågåande væpna konfliktar, mest nordaust i Shan-staten og i Kachin-staten heilt nord i landet. Da eg i vinter var på mi tredje reise i landet sidan 2012, måtte ruta leggast om på grunn av krigshandlingar mellom regjeringsstyrkar og kokong-hæren nær grensa til Kina.

Siste åra har det i Myanmar vakse fram militante buddhistiske rørsler med sterk antimuslimsk profilog stor oppslutning blant burmanarane. I 2014 grunnla munken Ashin Wirathu komiteen til vern av rase og religion (Ma Ba Tha). Den påverka parlamentet til å vedta lover mot polygami, misjonering, religionsskifte og giftemål over religionsgrenser; samt heimel for å fastsette grense for barnetal i grupper med høg fødselsrate.

Fleire hundre muslimar skal ha blitt drepne, og landsbyar blei brent ned.

Situasjonen for den statslause muslimske minoriteten rohingyane på vel ein million menneske vest i landet har vekt internasjonal oppsikt. Styresmaktene hevdar dei er ulovlege innvandrarar frå Bangladesh og kallar dei bengalar, sjølv om mange har budd i Myanmar i fleire generasjonar. President Thein Sein har foreslått å sende rohingyane av garde til eit tredjeland. I 2012 og 2013 var det valdelege samanstøytar mellom rohingyan-folk og buddhistar. Fleire hundre muslimar skal ha blitt drepne, og landsbyar blei brent ned.

An San Suu Kyi

Den sterke posisjonen til An San Suu Kyi er først og fremst basert på oppslutninga blant burmanarane. Ho har møtt skepsis og til dels motstand blant fleire av minoritetsgruppene, som i staden har satsa på eigne vallister. Internasjonalt har Suu Kyi blitt kritisert for ikkje å tale tydeleg mot overgrep mot rohingya-folket og for ivaretaking av menneskerettar til denne gruppa. Under eit valkampbesøk nyleg i Rakine-staten — der dei fleste rohingyane bur - kom ho indirekte med varsam kritikk av militante buddhistar: «Dei tenker ikkje på framtida til landet, men berre på seg sjølve». Men nobelprisvinnaren veit at ho må trø varsamt for ikkje å støyte frå seg grunnfjellet i veljarmassen til NLD. Partiet har ikkje villa ha muslimske kandidatar på vallistene sine.

Om lag 32 millionar har stemmerett.

Både nasjonale og internasjonale observatørar vil følgje avviklinga av parlamentsvalet. Om lag 32 millionar har stemmerett. Valkommisjonen fastsette 5. november som dag for framlegging av endeleg manntalsliste. Personar som ikkje står der, får ikkje stemme. Talspersonar for NLD har uttrykt frykt for at sein framlegging inneber fare for manipulering. Verre er at enkelte stader får ingen stemme. Valet er suspendert i bortimot 500 krinsar i område der det er uro. Kan vi håpe på at den situasjonen vil vere historie ved neste parlamentsval?