Med «Jernblod» avsluttar Liza Marklund ein serie på 11 bøker med Annika Bengtzon, krimjournalist i Kvällspressen, i sentrum.Eg har lese tre-fire av dei tidlegare bøkene, ei av dei er «Studio sex», der drapet på ein strippar, Josefine, ikkje blei oppklåra.I denne siste boka tar forfattaren på nytt fatt i den gåta — og løyser ho. Det store persongalleriet, og etter måten svært mange synsvinklar, får meg til å lure på om ho ikkje grip fatt i fleire saker frå tidlegare bøker.Elles forsvinn systera til Annika, samtidig som eit par uroande sms-ar frå henne dukkar opp på ein gamal mobiltelefon.Samtidig slit ho med sine demonar på det personlege planet, spesielt drapet på den tidlegare kjærasten Sven, sjølv om det vart utført i sjølvforsvar.

Ho går i terapi, og psykologen som behandlar henne kallar diagnosen hennar panikkangst.At ho får vite at Kvällspressen skal avvikle papirutgåva, og berre satse på nett, gjer ikkje livssituasjonen hennar enklare.Forholdet til mamma er heller ikkje problemfritt, for å seie det forsiktig.

Journalisten og forfattaren Marklund, som forresten også er kjent som ihuga feminist, har skrive ein både god og utfordrande kriminalroman.Skildringane av panikkanfalla hennar er sterke og truverdige. Ja, vi kjem faktisk innunder huda på Annika Bengtzon, og det på ein måte som er sjeldan i kriminalromanar.

Marklund er rutinert og samlar trådane mot slutten i eit høgdramatisk klimaks, slik det skal vere i ei bok som skal runde av ein krimserie som har vore ein suksess over store delar av verda.

Likevel, det er enkelte ting som skurrar litt - synst i alle fall eg.For det første meiner eg det blir for mange forskjellige plott eller saker å halde greie på.Når eg, som relativt rutinert lesar, fleire gonger måtte gå tilbake og lese om att lange stykke for å finne att trådane i boka, er ikkje det noko godt teikn.

Dessutan, og det er kanskje hovudinnvendinga, slutten er spennande - bevare meg vel - men på same tid er han forunderleg lite original.Å bruke ordet klisjé er kanskje å gå for langt, men det undrar meg litt at ikkje den rutinerte Liza Marklund varta opp med noko meir oppfinnsamt.