— Eg fann berre eit tilfeldig bilete på nettet av ein stor stein som hadde knust ei hytte. Så la eg det ut på Moisund.com med teksta «Sprengingsuhell på Bortelid i Åseral. Skadeomfanget er enno ukjend». Dette beit folk på noko så jæklig, seier Øystein Moi. Han ler så han rister der han sit bak rattet og køyrer Fædrelandsvennen sin reportasjebil oppover Riksveg 9. Det er lettast å festa dei gode historiene til blokka dersom intervjuobjektet køyrer sjølv.

— Eg har vore veldig usikker på om eg skulle vere med på dette, understreka Moi då vi like før plukka han opp utanfor postkontoret i Kristiansand. Der stod han og venta, just ferdig på jobben i Noregs Bondelag.

Øystein Moi er spesielt redd for eit par-tre ting. Høgder og mørkret er to av dei. Men tru om han ikkje er aller reddast for å stikka seg fram. Dette er da også den verste skuldinga du kan setje fram mot ein person frå indre Agder. Det er i alle høve det underteikna har lært etter mange år som journalist i landsdelen.

La ned Moisund.com

Men: Vi kan her og no avkrefta at Øystein Moi sjølv fann på at han skulle bli portrettintervjua i God Helg. Ikkje var han frykteleg lett å be heller.

— Men eg som har intervjua så mange kunne jo ikkje seie nei sjølv, seier han.

Nettavisa Moisund.com er no lagt ned.

For Moi kjenner fleire menneske enn dei fleste, og ein del av dei har han også skrive om. Dei fleste intervjua har stått å lese i nettavisa Moisund.com, heilt til denne vart lagt nedfor halvanna år sidan. Det siste året har Moi skrive for Fædrelandsvennen i serien «Moi møter menneske».— Det hadde jo vore gale om eg då skulle seie nei, seier han samstundes som han svingar pent ut i lyskrysset i Vestre Strandgate.

Øystein Moi finn seg fort til rettes bak rattet i framand bil. Å farte rundt og treffe folk har vore ein stor del av livet hans, mellom anna som handelsreisande i måling og lakk.

Kontaktnettet frå både dette og fargehandelen han dreiv på Evje kom til nytte då han bygde opp den lokale nettavisa Moisund.com saman med Odd Helge Liestøl. Det er mykje på grunn av denne at han er eit kjend namn i dei indre bygdene på Agder. Framleis er det ingen som seier nei dersom Øystein Moi ringer og spør om ein prat.

«Drap kunne dei lese om andre stader»

— Det var reint vilt då trafikken på Moisund.com var på det travlaste. Vi hadde jo 5000 brukarar om dagen, og dei klikka seg inn frå 100 ulike land. Eg skulle likt å veta kven i Usbekistan som var inne fleire gonger og las på Moisund.com, ler han.

Hovudtanken bak Moisund.com var at nyhenda skulle vere positive og lokale.

Øystein Moi er full av historier og anekdoter. Det kjem ofte folk innom for å sjå om han sit på trammen med kaffekoppen. Foto: Torgeir Eikeland

— Vi ville at folk skulle sitje med eit lurt smil etter å ha lese oss. Drap, valdtekt, bilulykker og tjuveri kunne dei lese om alle andre stader. Eg trur at mykje av grunnen til suksessen ligg i dette, seier han medan vi køyrer i sola langsmed Kilefjorden.- Og så var det jo ikkje alt som sto i avisa som var heilt sant?

— Nei, vi hadde nokre røvarhistorier som vart veldig mykje lest, og som mange beit på, ler han. Og det er her han kjem med soga om den store steinen. Og den om kameraten som var fotografert på ein hyttetur og presentert som russisk mafia som hadde busett seg på Ljosland.

— Den var den mest lesne av alle sakene våre. Vi la han ut fleire gonger. Dei kunne ringe frå NRK og Fevennen og spørje om det vi skreiv var sant. Då sa eg berre «Les saka ein gong til og sjå om du framleis trur at dette er tilfelle. Om du gjer det, kan du ringe meg opp att», ler han.

Ei gåve frå himmelen

Men no er det halvanna år siden nettavisa vart nedlagt.

— Vi måtte ta eit val. Det hadde blitt så stort at vi anten måtte leggje ned eller å satse på heiltid. Det hadde ikkje vore nokon ni til fire-jobb, og hadde eg vore tjuge år yngre hadde eg kanskje satsa. Men som femtiåring er eg nokså makeleg, seier Moi.

Likevel fekk han fort skriveabstinensar etter nedlegginga, og han klarar ikkje la vere. Ein ting er at han jobbar med eit bokprosjekt som han ikkje vil røpe noko meir om. Dessutan skriv han altså for Fædrelandsvennen.

— Det var som ei gåve frå himmelen då Vidar Udjus (politisk redaktør) ringte og spurde om eg ville skrive for avisa. Men eg sette som vilkår at det måtte vere på min måte og på mitt eige språk, seier Moi.

— Ja, du skriv på eit slags nynorsk?

— Eg er glad i nynorsken, for der er fleire ord å velje i enn på bokmål. Men mest skriv eg nok på mi eiga dialekt. Eg har fått kjeft frå ihuga målfolk for å skrive på det dei kallar «grautmål». Når eg høyrer det, veit eg at eg har treft akkurat der eg skulle.

Staseleg servering når det kjem bladfyk til gards.

— Javel?- Målet mitt er å lyfte fram stolte bygdefolk som har ei historie å fortelje, men som ikkje har vore mest omtala i media. Kvardagsheltar som har lagt ned ein innsats. Og det blir feil dersom ein etnisk åsdøl skal bli attgjeve på forfina bokmål.

— Bokmål ja. Men rett nynorsk blir også for «fint»?

— Eg skriv som folk preke. Identifikasjonen blir sterkast når ein bruker folk sitt eige språk, seier Moi.

Hogg ned skogen

Heilt galen kan likevel ikkje nynorsken hans vere, for i 2009 fekk Moisund.com Målprisen av Byglands mållag.

— Det sette vi umåteleg pris på, seier han om dette.

Vi har kome fram til Moisund, bygda i hjartet hans. Her har han arva garden, men fjøsen er riven, skogen hogd ned og store delar av arealet lagt ut til bustadbygging.

— Eg tenkjer annleis og mykje mindre tradisjonelt enn mange om dette. Skog som råtnar på rot er den dårlegaste butikken du kan gjere. Og med å selje tomtene har eg bidrege til å utvikle bygda. Det er mange som kjem flyttande til Moisund no, seier han.

Øystein Moi002.jpg Foto: Torgeir Eikeland

Framme på tunet riggar vi oss til ute i sola framfor huset. Her sit Øystein Moi mykje og kikar utover engene, skogen og nabohusa. Ofte kjem vener og kjenningar køyrande innom for å sjå om han sit ute. Og rett som det er kan naboane gaule til kvarandre at «no må du setje på kaffien», og så kjem dei på besøk.— Eg kan ikkje få sagt nok om kor godt naboskap og miljø vi har her i bygda. Alle hjelper kvarandre, seier Moi.

Ville bli politi

Døra går opp og ut kjem kona Grete Moi med eit raust brett lasta med nysteikte vaflar. Moi møtte kristiansandsjenta i 1980 gjennom felles kjende, visstnok på ein heisatur til Valle.

— Det er ikkje kvar dag du kjem heim her med bladfyk, seier Grete til mannen og smett inn att før ho kan bli fanga av kameralinsa.

Saman har paret tre born, og det er ikkje lenger sidan enn eit par veker at millomste dottera Siri gifta seg i Hornnes kyrkje. Den eldste heiter Marit, og dei er båe sjukepleiarar. Det yngste barnet er sonen Kjetil. Han er politimann og bur på Bryne.

Øystein Moi i 1969 på Kjetså skule. "Eg planlegg alle dei store reisene mine". Foto: Privat

— Det var politimann eg og skulle bli, og som 19-åring melde eg meg til teneste og utdanning på politistasjonen på Grønland i Oslo, seier Moi medan han fyrer opp ein sigarett.Det tok ikkje meir enn tre dagar før vegledaren hans spurde: «Den garden du er arving til heime: Er han stor nok til å leva av?«

— Eg vart sendt heim med råd om å satse på gardsdrift i staden. Dei kunne ikkje bruka meg. For det første var eg mørkredd, og dessutan var nok ikkje fysikken heilt etter krava som vart stilt, vedgår Moi. Mørkredselen har han teke med seg vidare i livet, og det er til dømes ikkje snakk om at Øystein Moi kan overnatte i telt inne på heia.

— Det er ikkje noko bestemt eg er redd for. Eg likar berre ikkje mørkret. Eg vil vere i ljoset, seier han.

Høgdeskrekk

Etter den tre dagar lange karriera som politiaspirant hamna han på Landbruksskulen i Søgne. Det vert sagt om Øystein Moi at han er den einaste som har gjennomført agronomutdanning utan å mjølke ei ku.

— Det var så mykje anna som var meir moro, seier han om dette. At han er makeleg heng godt saman med påstanden om at han har minst ti tomlar. Dei som kjenner han best har antyda at han kanskje gjer seg meir hjelpelaus enn han eigentleg er.

— Skal eg hengje opp eit bilete på veggen, ja då må eg ringe naboen. Det er så gale som det. Det eg ikkje kan gjere med ein pc, det blir ikkje gjort. Og eg er heldig som har naboar som kjem og slær engene for meg, seier Moi.

Tøflane står klar ved pedalane på bubilen. Ingen skor i denne bilen. Foto: Torgeir Eikeland

For mange år sidan budde det unge paret Moi på ein heiegard ovanfor bygda. Ein gjest som kom på besøk, fekk då sjå Øystein stå med ein finger på stigen medan den høggravide kona Grete stod i toppen og måla uthuset.— Han har så høgdeskrekk at han ikkje kan gå opp på ein krakk eingong, seier kona om mannen.

Flyktningmottak

Etter å ha høyrt alt dette kunne ein tru at Øystein Moi ikkje kan brukast til noko, men det er ikkje heilt rett. Jobbar har han hatt mange av. Etter at det ikkje vart meir med korkje politikarriere eller agronomverksemd, var han seks år på Evjemoen som grenader for Hæren. Sidan vart det åtte år med fargehandelen på Evje før han selde sjappa og var litt i stuss om «kva han skulle bli når han vart stor», som han sjølv seier.

— Då ringde dei og spurde om eg kunne ta jobben med eit krisemottak for flyktningar inne i skogen mellom Hornnes og Sveindal. Der var eg mo, platt åleine saman med 53 flyktningar. Det hadde ikkje vorte godteke i dag. Dette var folk frå Bosnia, Serbia, Kosovo og Kroatia. Eg lærte frykteleg mykje, og mange av dei har eg kontakt med enno. Der var mange bra folk, seier han.

I åra etter var han flyktningkonsulent i Evje og Hornnes, og to periodar i kommunestyret har han også rukke. Den første var for Senterpartiet.

— Eg og Odd Helge Liestøl stifta Tverrpolitisk bygdeliste, og jammen klarte vi å få valt inn fire representantar på fyrste forsøk. Det var rart å sjå korleis Ap snudde ryggen til oss og ikkje ville ha noko med oss å gjere dei første to åra. Så fann dei ut at vi var ikkje så farlege likevel. Det neste valet gjekk ikkje så godt, for då fekk vi inn berre ein representant. Sjølv rauk eg ut, seier han.

Lokalrevy

Ein del av erfaringane frå politikken har sikkert kome til nyttes i revylaget Morus som både Liestøl og Moi har vore med i i mange år.

— Der var eg med i 20 samanhengande år. Morus står for Moi og omegn revygruppe for uutforska sjeler. Å drive på med revy er noko av det eg set aller høgast. Når du får kontakt med salen og folk ligg frametter stolane og ler! Det er fantastisk, seier han.

Frå ei revyforestilling med Morus. F.v. Øystein Moi, Reidun Karlsen og Olaug K. Liestøl. Foto: Johs. Bjørkeli, Sven Olav Solheim

Latter og politiske anekdoter har det elles vore mykje av også her på tunet lenge før Øystein Moi sjølv var vaksen. På sekstitalet vanka mellom anna Jens Haugland her. Han var justisminister, og seinare kommunalminister mellom 1955 og 1965. Hit kom også tidlegare redaktør i Fædrelandsvennen Johannes Seland ofte, i tillegg til ei heil rad viktige personar frå politikk og media i Agder.Samlingspunktet då var Øystein Moi sin bestefar, skribenten og forfattaren O.S. Moi.

Bestefaren si bok «Byar og bygder på Agder» frå 1975 vert enno i dag rekna som ei verdfull kjelde til kunnskap om folkelivet på Agder. Og det er lett å sjå at gamle O.S. Moi hadde stor kunnskap om kvar enkelt av både dei indre og ytre bygdene i landsdelen. Og dei som har lese både O.S. Moi og Øystein Moi, seier at pennen er påfallande lik.

— Så då var det vel der du lærte dette med skriving?

— Nei, det kan eg altså ikkje seie. Det var ikkje før i vaksen alder eg las noko av det han hadde skrive, og enno har eg ikkje lese alt. Det var sjølvsagt stas med alle dei som kom her, og vi sat med store auge då vi høyrde Jens Haugland fortelje om møta han hadde hatt med kongen og statsministeren, seier Øystein Moi.

Ofte hos mor

Å skriva lærte han meir av mor si, Molla Moi (87). Ho var lærar og har publisert tekstar i bygdebøker og antologiar. Fram til for nokre få år sidan budde ho i den raude stova tvers over tunet, men no har ho husvære på Evje.

— Eg ringjer ho kvar dag klokka fem, og kvar laurdag er eg og støvsuger hos ho og drikk kaffi og preker. Eg ser veldig opp til mor mi. Ho er på mange måtar mi rettesnor på livsvegen, seier Moi.

Revygruppa Morus er ein viktig del av livet til Øystein Moi. Foto: Faksimile

Folk seier om han at familie er ekstremt viktig for han. Og om han har vist lite tålmod med praktiske oppgåver, har han teke det igjen (og vel så det) når det gjeld ungane.— Dersom det er noko eg er oppteken av, så er det ungane. Dersom ungane har det greitt har eg det greitt. Så enkelt er det, seier Moi.

Den største kulturhendinga i Øystein Moi sitt liv denne våren var då dottera gifta seg. Det er i alle høve ordet «kultur» han sjølv nyttar om hendinga. Moi syner seg å ha sterke oppfatningar om kultur:

— Dersom det er snakk om finkultur, er det ingen grenser for kor mykje pengar som kan brukast. Finkulturen vert sponsa med tusenvis av kroner for kvar billett. Slikt er ei hån mot musikkorps som lyt leggje ned fordi dei ikkje har råd til uniformer. Det er ei hån mot foreldre som stiller opp på dugnad og steikjer vafler for lokale handball- og fotballag. Desse pengane kunne i staden vore brukt til å jamne ut dei stadig større ulikskapane i landet vårt, fyrer han laus.

Bil og mannfolk

Det er altså ikkje opera som vert spelt på anlegget når Øystein Moi og kona reiser ut på tur med bubilen dei skaffa seg for nokre få år sidan. Bubilferie er den nyaste lidenskapen til Moi.

— Det rare er at når vi er ute med bubilen, så gjer Øystein alt. Til og med toalettet vil han tøme sjølv. Eg får ikkje lov, seier kona Grete.

— Ja, ho seier ho kunne ønskt at huset også stod på hjul. Det er vel noko med bil og mannfolk, og at eg vil ha hand om det, seier han sjølv.

Og stell får bilen så det held, ser det ut til, der han står blank og skinande på den pent slegne plenen.

— Du har klipt graset sjølv?

— Ja, sjølvsagt. Eg er då agronom.

Campingbilen er den nye, store interessa til Øystein Moi. Ikkje eingong toalettet får kona lov å tøme. Foto: Torgeir Eikeland