Mange meiner at det vi no ser, er langt meir enn ein midlertidig konjunkturnedgang. Det er grunn til å tru at vi står overfor ei strukturendring med gradvis omlegging til meir miljøvennleg produksjon. Men statsbudsjettet for 2016er heilt fritt for tiltak som kan stimulere til nødvendig omstilling. Det ser ut som dei blåblå både nasjonalt og lokalt stolar blindt på at meir asfalt skal løyse det aller meste.

Teknologikompetanse

Agder er ein region med omfattande teknologikompetanse. Men diverre har vi eit einsidig næringsliv der oljeindustrien er svært dominerande. Regionen blir hardt ramma av nedgangen i oljeprisen og den gryande omstillinga til fornybar energi. For å møte denne utfordring treng vi både store omstillingar i dei etablerte bedriftene og eit stort tilfang av gründerbedrifter. Regionen har derfor løfta fram nokre viktige tiltak for å stimulere til innovasjon og omstilling. Vi treng Sørlandslab, også kalla Mechatronic Innovation Lab, for å utvikle ny teknologi, og vi treng eit såkornfondfor å finansiere nye bedrifter og nye arbeidsplassar. Ikkje noko av dette har den blåblå Agderbenken fått gjennomslag for i statsbudsjettet for 2016.

Alf Holmelid

Agder er kanskje den regionen her i landet som har størst behov for omstilling til eit næringsliv med perspektiv utover oljealderen. Vi treng teknologisk innovasjon som kan sikre oss posisjonar i dei nye internasjonale marknadene, og til det treng vi Sørlandslaben.

Skal vi utvikle ny teknologi som vinn fram i ein sylskarp internasjonal konkurranse, så må vi gå saman om forsking, utvikling og uttesting av nye produkt og produksjonsprosessar. Derfor er det svært uheldig at regjeringa droppar løyvinga til laben som på mange måtar har blitt eit symbol på viljen til å satse på innovasjon og omstilling på Sørlandet.

Sørlandet treng såkornkapital

Den raudgrøne regjeringa starta arbeidet med å få på plass nye såkornfond for å skaffe risikovillig kapital til bedriftsetableringar. Dei raudgrøne la opp til at det skulle bli fond i alle landsdelar. Det er spesielt viktig for Sørlandet fordi landsdelen blei forbigått sist Høgre sat i regjering og etablerte såkornfond. No ser det ut til at vi vil opplever det same ein gang til. Det er mildt sagt overraskande at regjeringa ikkje har fått med seg at nettopp Sørlandet med sine store omstillingsbehov treng såkornkapital. Regionalt næringsliv stiller opp med sin del av finansieringa, men regjeringa slår på nytt handa av regionen.

Regionalt næringsliv stiller opp med sin del av finansieringa, men regjeringa slår på nytt handa av regionen.

Det er ofte vanskeleg å få etablerte bedrifter og privat kapital til å satse tilstrekkeleg på nye område.

For tredje året på rad reduserer regjeringa dei regionale utviklingsmidlane som fylka får for å drive næringsutvikling. Dette er midlar som blant anna har blitt brukt til å støtte næringsklynger som Eydeog NODE. I dagens krisesituasjon burde denne budsjettposten aukast og ikkje reduserast. Samtidig burde vi døype den om til regionale omstillingsmidlar og gi mest til Sørlandet og Vestlandet der omstillingsbehova er størst. Det er ofte vanskeleg å få etablerte bedrifter og privat kapital til å satse tilstrekkeleg på nye område. Derfor er det nødvendig med målretta og rause stimuleringstiltak for å skape nødvendig omstilling og nye arbeidsplassar.

Regjeringa neglisjerer omstillingsbehova

Dei blåblå forsvarer seg med at dei satsar på store vegprosjekt og skaper arbeidsplassar i entreprenørbransjen. Det kan nok lette sysselsettingssituasjonen på kort sikt. Men vi misbrukar ein viktig sjanse til å komme i gang med nødvendige omstillingar og det grøne skiftet. Media og den politiske leiinga på Agder må ta ein stort del av ansvaret for at regjeringa neglisjerer omstillingsbehova på Sørlandet. Dei snakkar knapt om anna enn motorveg når utviklinga i regionen står på kartet.

Vi må legge til rette for eit allsidig næringsliv og framtidsretta arbeidsplassar.

No må det vere på tide å løfte blikket frå asfalten og legg ein slagplan for ei grøn og berekraftig omstilling i regionen. Vi må legge til rette for eit allsidig næringsliv og framtidsretta arbeidsplassar. Skal vi klare det, må vi kjempe for å endre statsbudsjettet på sentrale punkt. Vi må sikre midlar til Sørlandslaben. Vi må få på plass eit såkornfond i regionen. Og vi må få regionale omstillingsmidlar som kan brukast til å stimulere nye bedrifter og nye næringar. Vi har enno sjansen til å bli ein framtidsretta region med ein leiande posisjon innan miljøvennleg teknologi. Men då må vi få endra statsbudsjettet og lagt bak oss det einøygde fokuset på meir motorveg som det einaste tiltaket for regional utvikling.