Frå 1920 til 1940 vart ein million dekar mark dyrka opp. Aldri før har Noreg kunna fø så mange personar som i 1940. I tillegg hadde me lagra mat, nok for 1 ½ år. I Noreg var det fleire hundre tusen små og store bruk. Alle hadde dei poteter til å setja i jorda om våren. Dei store bruka hadde også såkorn sjølv på lager. Våren 1940 kunne bøndene så slik at dei fekk gode avlingar om hausten. Og bøndene dreiv jorda nesten økologisk. Mest alle bruk hadde nokre sauer og kyr. Likevel vart det mangel på kjøt dei siste krigsåra. Til saman gjorde dette at det gjekk meir enn to år ut i krigen før matmangelen vart stor.

I dag har me over 150.000 bruk i Noreg. 30.000 av dei står tome.

Ein forsvarsstudie har synt at me same kva som skjer, vil kunne få mat frå Europa. Slike studiar bygge på korleis me trur ting kan skje. Men alltid er det slik at me ikkje kan få auga på korleis det eigentleg kjem til å hende. Politiet var ikkje førebudd på 22. juli-hendinga. Den neste krisa vil vere heilt annleis enn den me har planlagd for å møte. Me har mat på lager som er nok for litt over tre månader. Kornarealet har minka med 23 % dei siste 25 åra.

Sjølberga med mat

LEIV TORSTVEIT

Bøndene brukar jordbruksoppgjera til å snakke om kor naudsynt det er å vere sjølvberga med mat. Dei har heilt rett. Men dei gløymer å fortelje at mykje av den norske maten blir produsert ved hjelp av importert kraftfôr. Bøndene seier nå at ei god, norsk ku, mjølkar 9000 liter mjølk i året. Utan importert kraftfôr vil dei mjølke snautt 2000 liter. Blir me isolerte, vil me ha for lite mjølk innan eitt år. Egg og griseproduksjon vil stoppe nesten heilt opp.

I dag har me over 150.000 bruk i Noreg. 30.000 av dei står tome. 40.000 bønder søkte om stønad til å drive jordbruk. Det vil seie at på over 70.000 bruk bur eigaren utan å drive bruket.

Ministar S. Listhaug vil gi nokre store bønder høve til å bli endå større og dermed auka effektiviteten i landbruket. Listhaug har heilt rett at dette bør gjerast i gode jordbruksområder. Men dei andre bruka må over til økologisk jordbruk. Økologisk jordbrukar lite til produksjonen som er importert.

Nedlagde bruk må kome på tvangssal

Bøndene og bygdene klagar over at gardsbruk blir lagde ned, men dei fortel aldri at få av desse bruka kjem for sal. Er det ein menneskerett å eige eit bruk på livstid? Me må tenkje på ein heilt annan måte. Bøndene forvaltar matproduksjonen. Når ein bonde vil slutte med produksjon, må bruket kome på sal. Dei som kjøpar, må plikta seg til å drive bruket økologisk. Nedlagde bruk må kome på tvangssal. I staden for at bøndene får tilskot etter produksjon, bør tilskotet vere knytt opp mot å halde både innmark og utmark i hevd. Og her bør Staten betala romsleg slik at ein kan stilla krav til eigarane. Krava skal vere å rydde skog som hindra utsyn frå turistvegar. All dyrka mark må haustast innafor eit bestemt tidsrom. Eigedommar ikkje skal gro att med krattskog. Og dei beste, økologisk og billegaste skogsryddarane er sauer og geiter. Me må satsa på villsau blanda med spelsau. Slike sauer spreier seg og dei kan springe fortare enn ein bjørn. Lamma av desse sauene har lågare vekt, men er friskare og sprekare enn andre rasar. Der det er muleg, bør sauene gå ute heile året. Staten bør stø ei ordning med omlegging frå store, dumme og trege sauer til lettbeinte og mindre sauer. Det kan løyse ein del av rovdyrplagene. Det er stor skilnad i kvalitet på kjøtet etter kvar lamma har beita. Men me finn aldri opplysninga om det i butikkane. Unnataket er lam frå Lofoten.

Krava skal vere å rydde skog som hindra utsyn frå turistvegar.

Økologisk landbruk gir fleire dyr på bruka og meir potetdyrking.

I ei krise har me då fleire dyr til avl og meir settepoteter. Poteta er nøkkelen til at me ikkje har hatt hungerkriser hos oss etter 1820. Ved å satsa på økologisk landbruk, kan me selje mat utan gift. Då kan me ete kortreist og giftfri mat.

Treng at det brur folk på gardane

Noko av det turistane blir imponerte over hos oss, er dei mange og grøne bøane.

Grøne bøar syner at her bur det folk, ja, folk bur der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Opplevinga av Noreg blir ikkje det same for turistane om me legg ned dei små bruka. Kva vil Vestlandsfjordane og Nord-Noreg vere utan grøne gardar det bur folk på?

Me må sjå landbruk, forsvar og turisme under eitt. Då har me både mat og forsvar.

Eit totalforsvar treng at det brur folk på gardane og driv dei. Me brukar i år vel 43 milliardar på forsvaret. Bøndene får om lag 12 milliardar frå Staten. Stortinget har tinga nye jagarfly til over 50 milliardar. Då blir det stusseleg det me brukar for å sikra oss sjølvprodusert mat.

Det må vere folk frå turistkontora som reiser på inspeksjon og ser til at bruka blir haldne i hevd. Det er ikkje ein menneskerett å la eit hus stå og rotne ned. Hus, både i bygd og by, skal vere velstelte. Vil eigaren ikkje vedlikehalde dei, skal dei rivast. Og når bøndene får tilskot for å halde bruket i hevd, kan turistkontra gå til landbrukskontora og krevje at ting blir gjort. Pengane kan dei ta frå det Staten gir til eigarane for å halde alt i hevd. Bøndene og landbrukskontora er for vevde samen til at dei kan utføre desse kontrollane.

Me må sjå landbruk, forsvar og turisme under eitt. Då har me både mat og forsvar.