Sjå på dette (frå valet i Agder-fylka 14. september 2015): Audnedal 75,8 %, Åseral 75,1 %, Sirdal 74 %, Hægebostad 73,4 %, Iveland 70,5 %. Og dette: Arendal 52,4 %, Vennesla 57,9 %, Kristiansand 58,3 %, Mandal 60,3 %.

Førebels har ein berre høyrt eit omkring dette fenomenet: Øredøvande stille. Og det er då underleg at valforskarar, politiske analysemakarar, journalistar som dekkjer val mv. ikkje interesserer seg meir for slike analyser. Særleg i desse tider med stort trykk frå sentralt hald om at kommunane må slå seg saman, bli meir moderne, sterke, robuste.

Har vi det for godt, spør ein, til dømes på leiarplass i Vennesla Tidende i dag. Det har vi sikkert. I magre tider gjeng folk ivrige til stemmeurnene. I tidleg etterkrigstid var valoppslutninga stor, og ho heldt seg høg lenge utover i ei relativt fattig etterkrigstid.

Nå er det andre tider. Vi har alt og det er alt vi har, seier ein ironisk Ole Paus. Valoppslutninga gjeng sakte men sikkert nedover. Men eit er sikkert: Dei som bur i små kommuner bruker røysteretten i langt sterkare grad enn dei som bur i store kommuner. I dei store kommunane er heimesitjarpartiet ofte det største.

Eit svakt men godt synleg smil trengjer seg inn i meg saman med septembersola: Smilet til innbyggjarane i dei små, nære, trygge kommunane. Der folk veit dei har kort avstand til staden der makt utøvast, der avgjerlser tas. Der ein kjenner politikarar og administrasjon i kommunen og veit at ein finn ei open dør om det trengst. Der ein tykkjer kommunen er god å leve i. Der ein ikkje tykkjer om at sentrale politikarar og embetsfolk i Oslo seier at dei har betre greie på saker og ting enn vi som bur her.

Noko å tenkje på, Jan Tore Sanner!