Rachel, hovudforteljaren, er nyleg skild frå Tom og druknar sorga med alkohol.Kvar dag kl. 8.04 tar ho toget til London.Frå togvindauga ser ho inn i kjøkkenet til Jess og Jason, dei heiter eigentleg Megan og Scott, som ho trur lever eit lykkeleg liv.Rachel har fått sparken på grunn av fyll, men verken mamma eller andre veit det.Ein morgon ser ho at Megan kysser ein ukjend mann. Ikkje lenge etter forsvinn ho sporlaust. I tillegg til Rachel, har boka to forteljarstemmer til; Megan og Anna, den siste er den nye kona til Tom. Ingen av dei tre er til å lite på, så sjølv om dei fortel frå kvar sin synsstad, for oss som lesararar blir det samla bildet ganske sprikande.Megan har, for å ta eit eksempel, eit ikkje så lite rotete kjærleiksliv. Anna er rasande fordi Rachel ikkje lar henne og Tom få fred.Ekstra forvirrande er at Rachel ofte ikkje minnest kva ho har gjort og sagt i fylla, og at det ikkje berre plagar henne, men også fører til at ho både legg bort og legg til, når ho fortel. Med andre ord, kvinnene lyg og fordreiar, slik at også politiet får store problem.

Det ligg i korta at Megan til slutt dukkar opp, sjølvsagt drepen. Og kven er mordaren? Det skal eg ikkje ymte noko om, men vedgå at eg svært lenge let meg lure av forfattaren.

Forfattaren, fødd i 1973 i Zimbabwe, til London i 1989, har 15 år som journalist bak seg.Det pregar boka, blant anna på den måten at språket flyt lett.Kanskje for lett?I alle fall finn eg ikkje nokon freistnad på å la dei tre forteljarstemmene ha kvar sin måte å uttrykke seg på.

Først då eg las delar av boka for andre gong, oppdaga eg at Hawkins ganske elegant nyttar veret som eit litterært grep for å underbygge stemninga.Plottet er i grunnen ganske enkelt, persongalleriet er heller ikkje stort, og likevel blei eg lura trill rundt, svært lenge.Dette er meint som ros til forfattaren, som er debutant.

Internasjonalt har “Piken på toget” vore ein kjempesuksess, og det er ikkje vanskeleg å skjøne.Likevel, for meg blir boka rett nok ein god psykisk thriller, men psykologisk blir hovudpersonane for like, og dermed mindre interessante.Men, og det er trass alt det viktigaste i ein såkalla “kven er mordaren-roman”, bortsett frå ein litt treg start, er boka spennande.