Det heng slik saman: I fleire hundre år dreiv europearane kolonialisme i fattige land som hadde naturressurser. Sitat frå Store norske leksikon: «Kolonialisme; ein politikk som gjekk ut på å opprette og utnytte koloniar». Denne langvarige utnyttinga har skjedd i Afrika, Asia og Amerika. Det førte til at desse landa vart fattigare og Europa rikare. Etter kolonialismen kom imperialismen, som liknar på kolonialismen. Store norske seier: «Imperialismen går ut på å skaffe seg koloniar og utnytte deira ressurser. Brukast ofte om aggressiv maktpolitikk». Merk det! Første konklusjon: Dette gjeld i hovudsak den delen av migrantane som reiser frå fattigdom til stolen rikdom, men mange av desse er også på flukt frå krig og konflikt.

Invasjonane og okkupasjonane

Ei anna form for imperialisme har i årevis skjedd i Midt-Austen og omfattar invasjonane og okkupasjonane som USA og delar av Nato har utført: 1. Langvarig krig i Afghanistan mot lutfattige menneskje som ikkje er avslutta.

2. To krigar mot Irak (i 1991 og 2003) saman med klallharde sanksjonar og bombing mellom krigane der 567,000 born under fem år døde. (administrert av Noreg, FAFO-rapport). I tillegg har minst ein million blitt drepne i Irak. FN-mannen Hans Blix slår fast at arabisk olje var ei av årsakene til intervensjonane. (!)

Bomba med norske fly

Iran har også lidd vondt av vestlege sanksjonar og Libya vart bomba med norske fly. Somalia, Jemen, Pakistan er bomba av USAs droner. Desse vestlege krigane i Midt-Austen og Nord-Afrika har ført til frykteleg uro og kaos, mangel på hus og mat.

Konklusjon 2: På desse måtane har Europa sjølv skapt mange flyktningar frå Midt-Austen til våre trakter. Av nemnte grunnar må Europa kjenne ansvaret sitt overfor flyktningane.