Forfatter: Kjartan Fløgstad

Sjanger: Roman

Forlag: Gyldendal

Det er eit tilsynelatande paradoks at modernistane, forfattarane som braut med den romanforma som var rådande opp til førre århundreskifte, hella mot fascismen, Pound, Eliot, Gertrude Stein, Céline, vår eigen Hamsun og fleire. Dei var fornyarar av språk og litterær form, men hamna i den politiske bakevja i dei turbulente åra etter første verdskrigen.

Kvifor og korleis? Kjartan Fløgstad (70) søkjer svar i «Magdalenafjorden», som avsluttar ein romankvartett som starta med «Grand Manila» (2006). Han gjer det med vanleg intellektuelt og språkleg overskot; der dei mange ordspela er viktige for å avsløre korleis språket dekkjer til røynda, slik eg les han.

Fløgstads romanunivers er befolka med verkelege og fiktive personar. Her er opportunistar, overløparar, spionar, kunstnarar i fri politisk flyt. Fløgstad får fram motsetnadene i ei fortid så nær at ho går over i samtid. Det ligg ideologi bak pengemakta som driv Europa mot høgre og aukande sosiale skilje.

Den tidvis burleske handlinga syner kor omfattande fascismen greip inn i kulturlivet og korleis den yttarste høgresida glei inn i det sosiale establishment etter krigen. Dei fleste ser ut til å ha levd godt med sine svik, som den kalde krigen tona ned. Fløgstad har igjen levert ein stor og utfordrande roman.

Magdalenafjorden.jpg