Austerrikske Adrian Ziegler, 13 år i 1941, er ein gut ingen vil ha. Mamma orkar ikkje lenger å ta seg av han, faren er valdeleg alkoholikar, og som tater reknar nazistyresmaktene han som «rasemessig degenerert». Han blir plassert på Spiegelgrund-klinikken, saman med barn som har dels fysiske, dels psykiske handikap. Der jobbar Anna Katschenka, politisk uinteressert, men pliktoppfyllande og arbeidssam, som sjukepleiar. Klinikken, som faktisk fanst i Wien den gongen, var eit helvete, med grufulle former for fysiske og psykiske straffemetodar. Over åtte hundre av barna på klinikken blei i løpet av krigsåra offer for nazismens eutanasiprogram. Skildringane av dei hjelpelause barna er iblant så sterke at eg blei kvalm og fylt av eit hjelpelaust raseri.

Sem-Sandberg3.jpg

For meg er den mest interessante personen Anna Katschenka. Ho er idealist og søker jobb på klinikken for å pleie barn med fysiske og psykiske skavankar. Dessutan beundrar ho doktor Jekelius, sjefslegen då ho begynte. Han innga tillit fra første stund. Snart får ho ansvaret for å setje dei injeksjonane som drep barna legane kallar idiotar og vanskapningar. Ho prøver å fortelje seg sjølv at ho berre følgjer ordre. Med andre ord, idealisten Anna endar som massemordar. Sjølvsagt er også Adrian Ziegler, den andre personen vi følgjer gjennom heile boka, interessant. Barndomsopplevingane påfører han kroniske skadar, han er og blir ein tapar på alle måtar. I ettertid er det sjølvsagt både rett og lett å stille spørsmålet; burde ikkje Anna ha nekta å utføre ordre? Når ein over— eller sjefslege seier kva som skal gjerast, og understrekar at det er til barnets og samfunnets beste? Dei andre gjer det same.

Det er slike ubehagelege spørsmål forfattaren drøftar. Vi er alle samde om at nazismen var og er ein ekstremt rå og umenneskeleg ideologi. Dei som fanatisk hadde slutta seg til Hitlers og Himmlers sinnssjuke raselære, er ikkje spesielt interessante. Det er derimot dei som, av ulike grunnar, let seg bruke til å gjennomføre vanvitet. Steve Sem-Sandberg meiner dei liknar meg og deg. Tanken er skremmande, men etter å ha finlese «De utvalgte», må eg seie meg samd med han.