Byen som blir rekna som demokratiet si vogge, opplevde diktatur så seint som på syttitalet. I dag er Athen og Hellas i praksis sett under økonomisk administrasjon frå Brussel. Landet som har bore dei største byrdene med den store flyktningstraumen til Europa, må no finne seg i at EU tar styring over grensekontrollen deira. I mange europeiske land er tilliten til det politiske leiarskapet svekka, og folkestyret er under press.

valg007.jpg

Dei internasjonale kapitalkreftene utfordrar demokratiet i aukande grad. Globale konsern får etter kvart så stor makt at nasjonale folkevalde styresmakter må stå med hatten i handa og ta dei vilkåra dei blir bodne. Vi har lenge snakka om at globale konsern unndrar skatt for enorme summar i utviklingsland. Men dette skjer ikkje berre i fattige land. Det skjer over alt. Selskap som Google og Facebook tener store summar i Noreg, men dei betalar praktisk talt ikkje skatt.Dei globale selskapa vrir seg unna ansvaret for det fellesskapet, og dei pressar demokratisk valde regjeringar i kne når dei prøver å krevje sin rett. Men den internasjonale kapitalen nøyer seg ikkje med den økonomiske makta som blir konsentrert på stadig færre hender. No vil kapitalkreftene også ha juridisk makt. Nye internasjonale avtaler som TTIP og TISA skal gi dei rett til å saksøkje demokratisk valde nasjonalforsamlingar for store summar om konserna ikkje får det som dei vil. Berre trusselen om slike søksmål set folkestyret under press.

Fagrørsla misser si makt

Mange vil møte globaliseringa av kapitalen med overnasjonale organ som kan stå opp mot kapitalkreftene. Men denne strategien har ei nedside. Avstanden mellom veljarane og dei folkevalde blir lett for stor. Den offentlege samtalen mellom dei styrande og dei styrte manglar dialog, og samfunnstilliten som er ein føresetnad for eit livskraftig demokrati, forvitrar. Kombinert med ein økonomisk politikk som skaper større forskjellar, fører dette til aukande frustrasjon og eit høgare konfliktnivå, slik vi no ser i mange land i EU.

Tilliten blir ikkje betre av at fagrørsla må bøye nakken for kapitalkreftene og marknadsfundamentalismen. Når det oppstår konflikt mellom bedriftsinteresser og faglege interesser i eit EU-land, så dømmer EU-domstolen konsekvent til fordel for kapitalkreftene. Dei faglege rettane som skal verne arbeidsfolk mot overgrep, blir valsa ned. Fagrørsla som har kjempa fram sosiale rettar og ein betre fordelingspolitikk, misser si makt. Folk kjenner seg svikta og misser trua på politikarane og systemet.

Det politiske leiarskapet i eit land har etter kvart langt meir til felles med leiarane og eliten i andre land, enn med sine eigne veljarar. Dei er meir opptatt av kva som skjer i Brussel og på rikmannskonferansar i Sveits enn av kva som skjer i fattigstrøka i deira eige land. Sjølv sosialdemokratiske leiarar kappast om å bli invitert til hemmelege møte i regi av Bildenberg og den økonomiske eliten. Landegrensene blir bygd ned, men dei blir erstatta av auka klasseskilje som går på tvers av landegrensene.

Når finanseliten spelar hasard med samfunnsverdiane våre slik vi såg under finanskrisa, så er det vanlege folk som får svi. Velferdsgode blir kutta og arbeidsløysa aukar, samtidig som dei rike blir rikare. I mange land veks store deler av ungdomskulla opp utan å komme i arbeid og bli i stand til å ta ansvar for sine liv. Frustrasjonen over denne utviklinga kjem no til overflata gjennom protestval mot det etablerte leiarskapet i land etter land.

Politikk for vanlege folk

Manglande samfunnstillit, aukande klasseskilje og politikarar som bøyer nakken for kapitalkreftene, er ei utfordring for folkestyret, og det er eit dårleg utgangspunkt for å møte nye utfordringar. Derfor ser vi no eit Europa som sviktar fundamentalt i møtet med den nye flyktningstraumen. Politikarane si manglande evne til å vise solidaritet og handlekraft kan få konsekvensar vi ikkje likar. Vi kan lokke fram frå krokane krefter som har lite til overs for demokrati og folkestyre, men som kan tilby engasjement og enkle svar.

Den uroa og dei protestane vi no ser i mange land i Europa, har vakse fram over tid. Dei har ikkje oppstått med den store flyktningstraumen det siste året, og dei blir ikkje borte om Europa stengjer flyktningane ute og går på akkord med menneskerettane. Situasjonen må møtast med ein politikk for vanlege folk, ikkje for kapitalen og eliten — ein politikk som ikkje lar dei fattige ta dei største kostnadene i møte med dei nye utfordringane. Med ein slik solidarisk politikk kan venstresida i Europa gjenreise samfunnstilliten og revitalisere folkestyret.