– Det er eit traume å vere involvert i ein fronkollisjon i 80 kilometer i timen. Men smerta var aldri verre enn at eg kunne halde ut. Eg var aldri redd for livet mitt, men det var ei klaustrofobisk kjensle, seier artisten til NRK.

På veg frå ein konsert til ein annan, skjedde det som ikkje skulle skje.

Bilen Dagsland sat i kolliderte front mot front med ein annan bil i Stange i Hedmark.

Han sat fastklemt i 45 minutt før redningsmannskapa klarte å få han laus, og frakta han til sjukehus med alvorlege skader.

Tolv bein var knekte, og ankelen hans knust. Dagsland blei operert i åtte timar.

– No er livet svært annleis. La oss håpe det blir slik som før igjen. Eg tar ein dag av gongen, sa Dagsland i eit intervju med Nitimen i dag.

Artisten posta dette innlegget på Facebook tidlegare i februar, der han takkar for støtta folk har gitt han, og rosar jobben helsevesenet har gjort.

Må lære seg å gå på nytt

Han kan ikkje gå sjølv endå, og er sendt til Haukeland sjukehus sitt rehabiliteringssenter på Nordås for å trene seg opp igjen. Målet er å begynne på krykker i slutten av mars, og på nytt lære å setje ein fot framfor den andre.

– Dei seier eg kan kome meg på beina igjen. Men dette er noko eg må ta steg for steg.

Også lydmann Helge Leirvik og keyboardist Torjus Vierli var i bilen. I det andre køyretøyet sat ein mann. Ingen av dei fekk like alvorlege skader som Dagsland.

Også kona Karoline Krüger har takka for omtanken folk har vist etter ulukka med denne meldinga på Instagram:

«Kjære gode og omtenksomme mennesker! Fra hjertet: Tusen takk for alle meldinger og hilsener som dere i ulike kanaler har sendt vår vei. Livet er vilt og skjørt! Vi er omtumlet og litt slitne; MEN først og fremst glade fordi Sigvart og de andre ER her og at de er i de beste hender. Og med tiden til hjelp, så kan og skal dette gå bra. Igjen, tusen takk. ❤️ Knallrødt hjerte.»