Verk og bruk er ein eigen kategori av skatteobjekt, som omhandlar maskiner og anlegg, altså industrianlegg, prosessanlegg, vindkraftanlegg, kraftlinjer , oppdrettsanlegg og teleanlegg. Regjeringa har planar om å fjerne denne kommunale skattlegginga, går det fram av høringsnotatet frå 2015. Kommunar på Sørlandet har i lange tider gjort avtalar om å avstå verdifulle naturressursar til store kraftlinjer og i seinare tid til vindkraftanlegg. Og så vil regjeringa bryte avtalane ved å fjerne grunnlaget for årleg kompensasjon. For Vennesla kommune vil bortfall av eigedomsskatt på verk og bruk utgjere eit årleg tap på 9,6 millionar kroner. Det vil kunne gå hardt ut over kommunale velferds— og tenestetilbod. Og det er før utbygginga av dei store datalagringsanlegga på Stølen. Her kan det bli snakk om skatteobjekt som vil kunne styrke kommuneøkonomien kraftig. Og det skulle berre mangle når ein bandlegg så store areal. Regjeringa ønsker altså å ta frå Vennesla kommune desse inntektene, viser høringsnotatet.

Vi har ei regjering som ofte talar med to tunger. Kommuneproposisjonen for 2015 seier side 54: «Regjeringen ønsker at kommunene skal beholde mer av skatteinntektene enn i dag.» Og i Sundvollen-erklæringa heiter det: «Regjeringen vil endre inntektssystemet slik at kommunene får beholde en større del av verdiskapingen der hvor verdiene skapes». Da er det merkeleg at regjeringa presenterer forslag som inneber at pengestraumen vil gå motsett lei - frå distrikta der verdiskapinga skjer - til Staten og selskap som har adresse i dei store byane. Det minner om gammaldags kolonimakt-tenking.