Då eg var liten gut sa min gamle far til meg når eg hadde lyst på noko nytt: Har du egentleg bruk for det? Som oftast hadde eg egentleg ikkje bruk for det, bare lyst på det. Då tenkte eg, det er mine pengar og eg gjer som eg vil med dei.

Arendal fengsel har 3 opne avdelingar; Håvet, Kleivgrend og Evje. Nå er politisk bestemt å flytte soningsplassane frå Kleivgrend i Fyresdal til Evje. Skal lure på om nokon har stilt same spørsmål til politikkerane. Har du egentleg bruk for det? Staten kan ikkje bruke mitt argumenet for å gjere som dei vil, for Statens pengar er mine pengar. Eg har ikkje lyst til å flytte plassane frå Kleivgrend til Evje! (Pr dags dato er soningsplassane på Evje betydeleg dyrare enn i Kleivgrend).

Ikkje synd på deg

Tilbake til min gamle far: Dersom eg kaupte den aktuelle tingen eg egentleg ikkje hadde bruk for, bare lyst på, kunne han sei: Har du råd til det er det ikkje synd på deg! Strengt tatt er det ikkje synd på meg heller. Staten derimot syns synd på seg sjølv. Det er ekstra kostnadar til soning i Nederland og flyktningar. Etterslep når det gjeld infrastruktur, kollektivtilbod, skular og aldersheimar. I tillegg er oljeprisane låge, noko som gjer inntektene mindre. Skal ein då kaupe noko som ein egentleg ikkje har bruk for, bare lyst på?

Argumentasjonen for å flytte soningsplassane er stadig endra. Det byrja med dårleg fagleg innhald i soninga og problem med å få kvalifisera personell til Kleivgrend (motbevist). Seiste argumentet som blei høyrd på Telemarksendinga 15. oktober var at ein ville få ei ny fengselsavdeling som låg noko nærmare Arendal. Har ein egentleg bruk for det? Eller bare lyst på?

Tom for argument

Alle foreldre har ein gong gått tom for argument, og som seiste utveg må sei til barna: Det bare er sånn! Blir dette neste argumentet ein får i forbindelse med flytting av plassane frå Kleivgrend til Evje? Det bare er sånn!

Eg meiner det er behov for nye lukka fengselsplassar i Agder, som andre plassar i landet. Mange fengsel har vesentleg eldre byggningsmasse enn Kleivgrend.

Tilbake til overskrifta. Fyrste utbygging på Evje kosta 40 millionar kroner. Eg veit ikkje kva ny utbygging kostar, neppe mindre enn fyrste gong. Dersom Staten har råd til å bruke 40 millionar på noko dei egentleg ikkje har bruk for, bare lyst på, ja så har dei kanskje 40 millionar til meg og..

Eg kjem til å sjekke nettbanken ofte framover, og lovar å bruke pengane på noko eg egentleg ikkje har bruk for, bare lyst på.