unni lundell omslagsbilde.png

Unni Lindell viser at ho er ein svært rutinert og dyktig krimforfattar.Ho skaper spenning alt etter få sider.

unni lundell omslagsbilde.png

«Dette er første Marian Dahle-bok» står det under presentasjonen på forlagets nettsider.Ho var relativt sentral i den hittil siste boka om Cato Isaksen, «Brudekisten», der han reddar henne ut av eit krematorium siste liten.Traumane etter denne opplevinga har sett Marian Dahle ut av spel for ei tid, men ho får etter kvart i oppdrag å sjå på ei «coldcase-sak». For 15 år sidan forsvann seks år gamle Thona sporlaust i ein parsellhage i Oslo.Ein Glenn Haug var mistenkt for å stå bak, men bevis mangla.Samtidig som Marian leitar etter nye leietrådar i den 15 år gamle saka, begynner menn å bli kidnappa, torturert på det grovaste — fleire døyr - og det blir snart klart for etterforskarane at dei har ein ting felles: dei har tukla med småbarn.Og, har dei to sakene også felles utgangspunkt?

Unni Lindell

Meir skal eg ikkje røpe om handlinga, men Lindell viser at ho er ein svært rutinert og dyktig krimforfattar.Ho skaper spenning alt etter få sider, og teiknar opp truverdige personar av båe kjønn.Det blir utetter i boka mange lause trådar — eg måtte fleire gonger lese om att enkelte kapittel - men forfattaren har solid styring heile vegen, og spenningskurven er mot slutten formidabel.Det har sjølvsagt fleire grunnar, men for meg er det viktigaste at Lindell maktar å skape sentrale personar som psykologisk heng på greip.Eit lite hint, tittelen er svært velvald. Elles vaker Isaksen i bakgrunnen gjennom boka, som rettleiar og ven.Som det skal vere i ein god krim, det meste er ikkje slik du som lesar lenge trur, og slutten er krim (litt såkalla noir) nesten i toppklasse. Nesten, fordi forfattaren enkelte stader, etter mi meining, skifter synsvinkel for ofte.Det er eit godt etablert, litterært grep å gjere akkurat det, ikkje minst i krim, men eg opplevde det enkelte stader som litt hektisk.

Det høyrer også med at Lindell gjennom dei fire hundre sidene plasserer korte, politiske merknader om flyktningflaumen mot Europa og Noreg, og enkelte andre, dagsaktuelle politiske saker. Her og der er det ikkje vanskeleg å lese innslaga som diskret, men klår kritikk.