Forfattere: Martin Slottemo Lyngstad, Lars Andreas Ellingsgard Øverli, Aleksander Andersen

Sjanger: Dokumentar

Forlag: Cappelen Damm

Undertittelen «Et portrett av en generasjon» er ambisiøs. På vel 350 sider blir 25 ungdomar i tenåra portretterte — med masse bilde og litt tekst. Arbeidet med boka begynte i 2011, og 22.7. fungerer som ein slags bakteppe.

Og kven er ungdomane? Ein kriminell, ein datanerd, ein fotballproff, ein reindriftssame, ein fiskar, ein asylsøkjar, ei mor på 14 - eg stoppar der. Sjølvsikre, redde, destruktive, sinna, glade, optimistiske, pessimistiske - saman representerer dei eit utval ungdomar frå Kongsberg, Mandal, Odda, Trondheim, Hadsel og Karasjok. Oslo glimrar med sitt fråvær. Det saknar eg ikkje, snarare tvert imot.

Verda dei er fødde inn i er annleis enn den min generasjon møtte, men unge er unge - uansett tid - det fortel også denne boka. For den saks skuld, også barna mine. Eg kjenner meg att i fleire av tenåringane, sjølv om mi tid som ung var seint 1950- og tidleg 1960-tal.

Språkleg spriker boka litt - sjølv om forfattarane har prøvd å gje kvar av dei unge sitt språklege særpreg, lykkast det ikkje alltid like godt. Skaparane av boka er sikrare visuelt, bilda fortel til tider små og interessante forteljingar utan ord. Likevel, eg trur boka hadde blitt betre med litt færre foto - og litt meir tekst. Men, for all del, det er ei bok eg anbefaler.

Fra-Ungdommen-Forside.jpg