Johnsrud Omslagsabilde.png
Johnsrud Omslagsabilde.png

Debutboka til den tidlegare VG-journalisten Ingar Johnsrud, «Wienerbrorskapet» (2015) fekk bokmeldarane til å juble; ein ny krimforfattar i verdsklasse! Den boka har eg berre lese om, men etter å ha lese oppfølgjaren, «Kalypso», skjønar eg godorda.Vi har fått ein ny, norsk «krim-noir»-forfattar som ruvar i thriller-landskapet.

Johnsrud-Ingar.jpg

Hovudpersonane er politimannen Fredrik Beier og hans kvinnelege kollega Kafa Iqbal.Beier er eigentleg sjukemeld etter ei hending som han ikkje minnest noko om, men som liknar eit forsøk på sjølvmord.To drap på ulike delar av Oslo dreg handlinga i gong.Det viser seg at dei to drapa heng i hop, og grunnen er å finne i ei hending for nesten 25 år sidan. Då gjekk ein norsk , hemmelig operasjon i det oppløyste Sovjetunionen ad undas.Enkelte kom seg tilbake til Noreg, andre ikkje.Samtidig er ein valdeleg narkoman aktiv.Han går under namnet Kain.Finst det ein Abel, og kan han på noko vis knytast til det som skjedde for 25 år sida?Og, kva var eigentleg den norske gruppa ute etter?Det skal eg ikkje seie noko om, men før dei vel 470 sidene er lesne, har norske og internasjonale politikarar på topplanet kome inn i bildet.Det handlar om grufull hemn, vald og vanvit.

Då eg hadde lese 100 sider av denne fascinerande romanen tenkte eg — nei, no har forfattaren gapt over for mykje.Etter 300 sider var eg sikker, her må forfattaren ty til lettvinne løysingar for å lande plottet sitt.Etter vel 470 sider kunne eg berre konstatere at Johnsrud heile vegen hadde hatt stålkontroll.

Gjennom 300 sider hadde den ferske forfattaren frå Vestfold greitt å lure meg.Det er mykje i denne boka som imponerer.Hovudpersonane Fredrik Beier og Kafa Iqbal har båe to sine traume å handtere, men det er Beier som imponerer mest.Han er på fleire måtar ein berre delvis oppegåande mann, til tider avhengig av sterke medisinar, og likevel fungerer hjernen hans nesten godt når det trengst.Nesten er eit poeng; han gjer feil, men landar likevel trygt til sjuande og sist.Det er på tide å konkludere, og eg er ikkje i tvil.