Forfatter: Edvard Hoem

Sjanger: Roman

Forlag: Oktober

Ni år etter at «Mors og fars historie» kom, held Hoem fram med å skrive om familien sin. Denne gongen er det oldefar Knut Hansen Nesje, kalla Nesje, og svigerinna hans, Gjertine, det handlar om.

Vi møter han som enkemann på midten av 1870-talet, husmann og slitar for den store Gørvel-garden, idet han møter syster til Gjertine, Serianna. Dei fell for kvarandre. Ungjenta Gjertine reiser, som så mange andre, til Amerika, og vi følgjer henne heile vegen til Dakota.

Hoem er ein gudebenåda forteljar, og som 65-åring skriv han betre enn nokosinne. Det enkle, effektive språket fungerer, anten han skildrar natur, ver eller menneske som møter kjærleiken. To ord som slo meg under lesinga var sanseleg og sensuelt. Personskildringane, særleg av Gjertine og Nesje, er framifrå, og måten han fortel om deira psykologiske utvikling minner meg om Sigurd Hoel på sitt beste. Dei sosiale skilnadene, den religiøse gjæringa, utferdstrangen — forfattaren fortel med brei penn, på ein måte som gjer oss litt klokare. Kapitalismen i Noreg og i landet på andre sida av havet har mykje til felles, og den såkalla «amerikanske draumen» ser ikkje Hoem.

Slik boka sluttar, med lause trådar rundt folk i moldedistriket og i Dakota, har eg ein mistanke om at det kan vere fleire bøker på gang. Ikkje berre det, eg håpar Hoem vil glede oss med i alle fall ei bok til.

Edvard Hoem bilde.jpg