På fjellplatået Dangrek nord i Kambodsja og aust i Thailand har dei to landa sendt meir enn 20 000 soldatar kvar til grenseområdet. Avstanden mellom frontane har vore ned mot 30 meter. Thailands styrkar er tungt væpna og militært sett overlegne. På kambodsjansk side er Hun Manet – eldste son til statsminister Hun Sen – sett inn som militær kommandant. Minst sju menneske blei drepne i samanstøytar frå 4. til 7. februar, derav sju kambodsjanarar. Nitti personar er skadde. I kvart land er meir enn 10 000 sivile blitt evakuerte.

I Kambodsja blir det hevda at thailandske styrkar starta skytinga etter å ha kryssa grensa. Dei skal ha avfyrt rakettar med granatar, som ramma 20 kilometer inn frå fronten. Det er påstand om bruk av klasebomber, og at éi av desse drepte to politimenn og såra åtte andre personar. Thailandske F 16-fly skal ha krenka kambodsjansk luftrom. Styresmaktene i Thailand avviser alle skuldingane. Dei hevdar eldgivinga starta frå kambodsjansk side.

Det er ingen ny konflikt som nå er blussa opp. Den har røter tilbake både til det mektige Khmerriket for tusen år sia og til fransk kolonistyre på 1900-talet. Kjerna for striden er 4,6 kvadratkilometer rundt templet Preah Vihear, eit vel bevart meisterverk frå Khmerriket, som eksisterte frå 900— til 1500-talet. Bygginga av templet her tok til hundre år før oppstart på Ankor What, som er sjølve nasjonalheilagdommen til kambodsjanarane. Forutan Kambodsja omfatta Khmerriket delar av dagens naboland. Bayon-templet i Angkor har 54 tårn, eitt for kvar provins i riket; i dag ligg 17 av provinsane i Vietnam, 13 i Thailand.

I 1904 oppretta Siam (nå Thailand) og det franske styret i Kambodsja ein kommisjon for å gå opp grensa. På Dangrek-platået skulle grensa følgje vasskiljet. Etterpå teikna franske offiserar likevel kartet slik at grensa ved Preah Vihear avveik frå vasskiljeprinsippet, og templet blei liggande i Kambodsja. Siam godkjente kartet utan protestar.

Da Frankrike i 1954 trakk seg ut av Indokina, tok Thailand kontroll over Preah Vihear. Kambodsja protesterte og la saka fram for den internasjonale domstolen i Haag, som i 1962 avgjorde at templet tilhører Kambodsja, etter som Siam hadde godkjent det franske kartet. Thailand resignerte i 1963, det thailandske flagget ved Preah Vihear blei rett nok ikkje fira, men flaggstonga blei graven opp og flytta med flagget til topps.

Spenninga som nå har resultert i open militær konflikt, har bygd seg opp sia juli 2008, da UNESCO etter søknad frå Kambodsja tok templet i Preah Vihear inn på lista over kulturell verdsarv. Thailand såg dette som ei sementering av kombodsjansk herredømme. Mindre samanstøytar frå 2008 har kosta minst sju menneskeliv, før kampane braut ut denne månaden. Klimaet mellom dei to landa blei forverra sist desember, da sju personar frå Thailand blei arresterte for ulovleg å ha tatt seg inn i Kambodsja. Seks av dei blei utviste, men to profilerte thainasjonalistar fekk lange fengselsstraffer.

Thailand si harde line kan henge saman med innanrikspolitiske utfordringar. «Gulskjortene», som med aksjonane i 2006 var med på å framtvinge militærkuppet, har ein ultranasjonalistisk fraksjon. Posisjonen til nåverande statsminister Abhisit Vejjajina er svekka etter opptøyane til rauskjortene på forsommaren i fjor. Samstundes er regjeringa pressa av militante islamistar i sør. Konflikt med ein ytre fiende er ein velkjent strategi for å styrke styresmaktene og det interne samhaldet i eit land.

Norske turistar kjenner Thailand som «smilets land». Den aktuelle situasjonen er ei påminning om andre sider ved landet. Thailand har regionale stormaktsambisjonar. Militærvesenet har ein sentral posisjon i samfunnet, og kan til tider gå hardt til verks. I verste fall kan det som nå skjer, vere ein parallell til Thailands oppførsel ovafor eit anna naboland hausten 1987. Etter strid om landsbyar i grenseområdet til provinsen Xaignabour i Laos gjekk Thailand til åtakskrig. Meir enn tusen menneskeliv gjekk tapt i løpet av dei tre månadene kampane varte.

Thailand meiner konflikten ved Preah Vihear må løysast gjennom bilaterale samtaler. Kambodsja meiner ein tredjepart må inn som medhjelpar. Landet har bede om observatørar frå FN og UNESCO, utan at det har ført fram. Tvert om har FN trekt ut personell som var stasjonert i området.

Tryggingsrådet i FN behandla 14. februar den spente situasjonen. Rådet kom ikkje med nokon resolusjon, men gav ei sterk oppmoding til partane om varig våpenkvile. Kambodsjas ønske blei delvis imøtekomme ved at ASEAN - samarbeidsorganisasjonen for ti søraustasiatiske land – blei beden om å bidra til løysing. Formannen i ASEAN, den indonesiske utanriksministeren Marly Natalegawa, har respondert raskt og innkalt alle medlemslanda til møte 22. februar. Kambodsja er open for å underteikne ein våpenkvileavtale der og da, Thailands statsminister seier det blir for tidleg.

Dersom ASEAN kan bidra til at dagens thailandske grensekrangel blir trappa ned, og ei varig våpenkvile kjem på plass, vil organisasjonen stå att med styrka posisjon og gjennomslagskraft i regionen. Om ASEAN mislykkast, er det fare for vidare opptrapping, større øydeleggingar og tap av fleire menneskeliv.