Fylkespolitikar Steinar Bergstøl Andersen seier at han er uroa for skrivekunnskapen til elevane, og trur at elevane vil verta mykje betre i hovudmålet om dei slepp sidemålsundervisninga. Lite tyder på at han har rett, då liknande og større prosjekt berre synte ørsmå utslag. Andersen meiner vidare at elevane i staden bør kasta seg over eit ekstra framandspråk, utan at han grunngjev kvifor det skal gjera elevane betre i norsk hovudmål.

Det er ikkje faglege vurderingar som ligg bak dette framlegget. Det handlar om å gje sidemålsundervisninga skulda for alt som er gale i norskfaget. I eit fylke med lange nynorsktradisjonar og stor trong for nynorskkompetanse er det feil veg å gå. Undervisningspolitikk er språkpolitikk, noko nynorskmotstandarane alltid har visst. Det er heilt avgjerande for nynorskbrukarane at bokmålsbrukarane meistrar språket deira. Og ålmenn kompetanse er avgjerande for å halda oppe språket i dei nynorske områda. Alt i dag er påstått vantande nynorskkompetanse eit trugsmål mot nynorskinstitusjonar, som t.d. kommuneadministrasjon og skuleverk.Framlegget frå Andersen og Frp vil føra til lægre sidemålskompetanse, og leggja stein til børa for nynorsken i Vest-Agder. Men kan hende er det akkurat det drivkreftene bak dette framlegget ønskjer å oppnå.

Noregs Mållag er ikkje skeptisk til forsøk, og det må vera rom for endringar i norskfaget. Minimumskravet til eventuelle endringar må like fullt vera at desse endringane er faglege og i tråd med norsk språkpolitikk. Det er ikkje dette framlegget.